Hopp til innhold

Denne kan revolusjonera sprøyting av frukt

Bønder og forskarar hyllar bruk av dronar i fruktfelta, men regelverket set ein stoppar for teknologien.

– Det blir spennande å sjå korleis det fungerer «in real life», seier Magnar Velure som er fruktdyrkar i Sørfjorden.

I eit fruktfelt hos NIBIO på Lofthus i Ullensvang har mange bønder og forskarar møtt opp for å sjå på testing av sprøyting med dronar.

For kan plantevernsprøyting med dronar vera ein moglegheit for norske fruktdyrkarar?

Det håpar bøndene og forskingsmiljøa i Hardanger.

Fleire land har godkjent bruk av dronar til sprøyting. Forsøk frå utlandet har vist at sprøyting med dronar i felt med vindruer kan redusera bruk av plantevernmiddel med opp til 45 prosent.

Men i Noreg er ikkje dette lov i dag.

Likevel godkjente Mattilsynet for fyrste gong i Noreg, sprøyting med soppmiddel med drone på dispensasjon nyleg.

Dispensasjonen gjeld sprøyting mot tørròte i potet, på areal som ikkje er køyrbare med traktor på grunn av store nedbørsmengder etter ekstremvêret Hans.

Spennande teknologi

No håpar fleire at teknologien etter kvart kan takast i bruk av norske fruktdyrkarar.

– Eg tenkte at dette må vere midt i blinken til garden min heime. Det er bratt og glatt, seier Velure entusiastisk etter å ha sett dronen i bruk.

I dag er det vanleg å bruka traktor og tåkesprøyte.

Men i dei bratte fruktfelta på Vestlandet kan det i periodar med mykje regn vera ein risiko å køyra med traktor. Når bakken er våt og sleip, kan traktoren kome på gli når ein sprøyter.

– Ved bruk av dronar blir det mykje sikrare for den som sprøyter. I dag sit du gjerne med hjarta litt i halsen når du sit i traktoren i dei brattaste bakkane, seier Velure.

Han viser og til at fruktdyrkarane kan bli mindre eksponerte for kjemikaliane.

Magnar Velure, fruktdyrkar i Hardanger

INITIATIVTAKAR: Magnar Velure er fruktdyrkar i Ullensvang og ein av pådrivarane for å få testa ut sprøyting med dronar.

Foto: Tale Hauso / NRK

Gjennomfører testar

Endre Bjotveit frå Norsk landbruksrådgjeving har gjennomført testar for å sjå korleis avdrifta av plantevernmiddelet er ved bruk av dronar i forhold til dagens sprøyter.

Eg synest det ser veldig lovande ut. Vi får god dekning nedover trea, og det ser ut som det er lite avdrift, så dette er absolutt noko vi kan gå vidare med og prøva ut, seier Bjotveit.

Han trur dronar kan gjera det enklare å koma ut med sprøyting i rett tid i hagar der det er bratt og vanskeleg å køyra. Og at det vil bli enklare å halda det litt tungdrivne arealet i drift.

Prøveprosjekt med droner i fruktnæringa i Hardanger, Atilla Haugen i Biodrone

Det er ikkje lov å bruka sprøytemiddel i dronar i Noreg, difor blir testane utførte med vatn. Her fyller dronepilot Atilla Haugen frå Biodrone vatn i dronen.

Prøveprosjekt med droner i fruktnæringa i Hardanger, Lofthus.

Endre Bjotveit frå NLR, dronepilot Atilla Haugen og Thomas Harris frå NIBIO sjekkar resultata av testsprøytinga.

Prøveprosjekt med droner i fruktnæringa i Hardanger

Arket viser om det har vore avdrift frå forsøket. Arket reagerer på vatn og blir blått. Her ser ein nokre små blå prikkar.

Endre Bjotveit ser på testresultater etter drone har sprøyta vatn i eplerastene

Endre Bjotveit frå Norsk landbruksrågjeving ser på testresultater etter at dronen har sprøyta vatn i eplerastene.

Prøveprosjekt med droner i fruktnæringa i Hardanger.

Dronen er på veg for ny test i eplerastene.

Lang veg å gå

Men regelverket set i dag ein stoppar for bruken i Noreg.

EU godkjenner ikkje sprøyting med dronar i dag, og det finst ikkje plantevernmiddel som er godkjente for slik bruk.

Likevel skjer det mykje på området og EU jobbar med å laga felles reglar for bruk av drone.

– Det vil sannsynlegvis resultera i at vi kan endra vår forskrift til bruk av drone med visse vilkår. Då må det i så fall dokumenterast at dronen inneber mindre risiko enn den alternative spreiingsmåten, seier seksjonssjef Line Ruden i seksjon planter og innsatsvarer i Mattilsynet.

Mattilsynet jobbar no tett oppimot EU om dronebruk.

– Vi ønskjer framdrift, men så må vi og passa på at det blir gjort på ein trygg og forsvarleg måte, seier Ruden.

Ruden viser til at Mattilsynet jobbar for mindre bruk av plantevernmiddel.

– Førebels kan dronar til slik bruk vera svært ulike, og ei vesentleg utfordring med fleire av desse dronane er stor avdrift, forklarar Ruden.

Prøveprosjekt med droner i fruktnæringa i Hardanger
Foto: Tale Hauso / NRK

Optimist

– Eg trur det tek nokre år til før regelverket opnar opp for bruk av sprøytemiddel med drone, men eg ser at engasjementet og interessa er stor, seier dagleg leiar Atilla Haugen i Biodrone AS.

Han viser til at teknologien er i stor bruk i Asia i dag, og no også i Amerika.

– No står det på EU og regelverket der. Det som må til er meir informasjon om metoden, teknologien og godkjenning av plantevernmiddelet. Men eg trur dette kjem til å koma, seier Haugen.

– Eg håpar at det kjem innan to år, men eg får vera realist og seie fire eller fem år. Men til det motsette er bevist, så har eg trua, seier bonde Velure.

Fagdag om bruk av droner i fruktnæringa

FAGDAG: Mange hadde tatt turen for å vera med på fagdagen arrangert av Norsk landbruksrågjeving. Dette er ein del av eit forprosjekt som vert støtta av Grofondet og Vestland fylkeskommune.

Foto: Tale Hauso / NRK