Hopp til innhold

Han vil gjerne høyre kva folket meiner - men bindande folkerøysting vil han ikkje ha...

Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim ønskjer ikkje ei bindande folkerøysting om kommunesamanslåing. Iallfall ikkje enno.

Jan Geir Solheim

VIL HØYRE: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, vil gjerne høyre kva innbyggjarane seier. Men ikkje i ei bindande folkerøysting.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Eg vil gjerne høyre kva folket vil. Men vi er ikkje komne til det steget enno. Dette er langt fram i tid. Vi veit ikkje kva val vi skal ta, så på dette tidspunktet er ikkje eg klar til å binde meg til det, seier Solheim.

Så viss det skulle komme til ei folkerøysting i Lærdal, så vil denne verte rådgjevande, men politikarane vil stå fritt til å vedta det dei vil etterpå.

– Senterpartiet sentralt er for rådgjevande folkerøystingar. Her lokalt har vi ikkje bestemt oss. Men vi tykkjer det i dag er altfor tidleg å seie ja eller nei til ei folkerøysting som bind oss, seier Solheim.

Har aldri før brukt dobbeltstemma

Det var dobbeltstemma til ordføraren som torsdag kveld vart avgjerande då saka var oppe i kommunestyret.

– Det har aldri skjedd før i mi historie her på rådhuset i Lærdal. Så det var overraskande, seier Solheim.

Han understrekar at det ikkje betyr at folk i Lærdal ikkje vert høyrde.

– Dei skal få rikeleg høve til å fortelje oss kva dei meiner om saka, seier Solheim.

– I kva grad demonstrerer dette manglande tillit til at folk i Lærdal manglar evne til å ta stilling til denne saka?

– Absolutt ingen. Eg har stor respekt for innbyggjarane i Lærdal og det dei meiner. Det er innbyggjarane i Lærdal som skal bestemme om vi skal slå oss saman med andre kommunar, ikkje eg, seier Solheim.

Må ta stilling når ein kjem så langt

Han held fast på at det framleis er langt fram, og at det er eit anna kommunestyre som til sjuande og sist skal bestemme.

– Og så skal vi sjå kva alternativ som vert gjenstand for diskusjon og til slutt avstemming. Det er rett og slett for tidleg, seier Solheim.

– Men når du seier det er folket som skal bestemme, så er det vanskeleg å forstå at ei folkerøysting ikkje skal vere bindande.

– Vi har eit kommunestyre som er valt av folket som skal gjere vedtak i saker. Når vi skal vedta ei så stor sak som å slå saman ein kommune og leggje ned eit kommunestyre, så får vi ta stilling til om folkerøystinga skal vere bindande når vi kjem til det punktet. Ikkje før då, seier Solheim.