Hopp til innhold

Arbeidet med kommunesamanslåing i Sunnfjord og Ytre Sogn har stogga heilt opp

Arbeidet med kommunesamanslåing i Sunnfjord og Ytre Sogn står i stampe.

Gjerde og Helle

IKKJE HØG FART: Korkje Hyllestad-ordførar Jan Olav Gjerde eller Fjaler-ordførar Arve Helle held høg fart i saka om kommunesamanslåing.

Foto: privat/Erlend Blaalid Oldeide / privat/NRK

I fjor tok ordførarane i Hyllestad og Fjaler initiativ til å greie ut kommunesamanslåing og fekk etter kvart tilslutning frå til saman 10 kommunar i Sunnfjord og Ytre Sogn.

Sidan har lite skjedd, vedgår Fjaler-ordførar Arve Helle.

– Nei, det er vel berre å innrømme at det ikkje har skjedd så veldig mykje, seier Fjaler-ordførar, Arve Helle.

Og kollegaen Jan Olav Gjerde i Hyllestad har same vurdering.

– Nei, eg har vel same vurderinga som kollegaen min i Fjaler. Det har ikkje skjedd så veldig mykje. Det har vore utsett eit par gonger, og slik eg opplever det no, så heng den saka litt i lause lufta, seier Gjerde.

Måtte ta kostnaden sjølv

Då dei to HAFS-ordførarane tok initiativet i fjor var endra kommunikasjonar i og med Dalsfjordbrua eitt av argumenta, og eit anna var at større kommunar kunne komme med tvang ved eit eventuelt regjeringsskifte, og då var det viktig å sjølv sitje i førarsete for prosessen.

Til saman ti kommunar ville vere med på ei utgreiing av storkommune.
Men utgreiingsinteressa minka litt då departementet sa at kommunane sjølve måtte ta ein del av kostnaden med utgreiinga – og etter regjeringsskiftet ventar dei utspel derifrå.

– Det er eit minimum av signal på korleis ein ser for seg denne prosessen. Og det trur eg vi treng. Og så illustrerer dette kor tunge desse prosessane er. Vi ser det at desse tinga tek tid, seier Helle.

Har det ikkje travelt

Gjerde vedgår at gløden for kommunesamanslåing har dabba litt.

Og Arve Helle registrerer det same.

– Eg skal vere forsiktig med å dele ut karakteristikkar både på meg sjølv og andre, men eg føler vel ikkje at det er så mange som har det så veldig travelt for å få dette i gang, for å seie det slik, seier Helle.