Hopp til innhold

Ønskjer å slå sammen Årdal, Aurland og Lærdal til ein storkommune

Ein storkommune i Indre Sogn vil ha eit større vekstgrunnlag enn fleire små kommunar, meiner leiar Hilmar Høl i Årdal Arbeidarparti.

Årdal, Aurland og Lærdal

Ap-leiar Hilmar Høl i Årdal trur at hans kommune saman med Lærdal og Aurland, vil få større vekst om dei slår seg saman.

Foto: Merete Høidal/Kjell Arvid Stølen, NRK

Hilmar Høl

TRUR PÅ STORKOMMUNE: Hilmar Høl likar tanken på ein storkommune.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Tidlegare denne veka presenterte analyseselskapet Nivi ei undersøking som foreslår å kutte 26 kommunar til seks.

No luftar Hilmar Høl ideen om å slå saman Årdal, Lærdal, og Aurland til ein stor kommune.

– Eg hadde ønska at vi kunne diskutere dette som ein moglegheit. Det er såpass spennande, seier han.

Lærdal har i dag omlag 2200 innbyggjarar, Årdal i underkant av 5500 og Aurland har 1700.

Trur på Indre Sogn Herad

Etter debatten om kommunesammenslåing denne veka, meiner Hilmar Høl at ein må sjå på moglegheita for å slå saman Årdal, Lærdal og Aurland til det han vil kalle storkommunen Indre Sogn Herad. Han trur ein større kommune vil gi eit betre tilbod for innbyggarane.

Han understrekar likevel at dette berre er hans eiga meining, men at det likevel bør diskuterast.

– Eg er ikkje imot samanslåing om det kan gi betre teneste til innbyggjarane.

Ser ikkje poenget

Ordførar Noralv Distad i Aurland meiner kommunane har eit godt samarbeid frå før. Han ser ikkje poenget med å slå saman kommunane og meiner Aurland har eit godt nok tilbod til innbyggarane slik det er i dag.

– Det er ikkje aktuelt no å gå inn i ein diskusjon om kommunesamanslåing. Vi har eit solid grunnlag for å halde fram som eigen kommune og løyser oppgåvene for innbyggjarane på beste vis.

Vil klare seg sjølv

Jan Geir Solheim som er ordførar i Lærdal, meiner små kommunar er og gode og at dei fint kan klare seg sjølv.

– Eg meiner at dei kommunane vi snakkar om, har økonomi og struktur slik at vi klarar oss godt aleine.

Likevel trur Hilmar Høl at ein storkommune som Indre Sogn Herrad kan gi større vekst i regionen.

– Ein kommune med 9500 innbyggjarar har eit større vekstgrunnlag enn at ein kjempar kvar for seg, seier han.

Om analyseselskapet NIVI fekk teikna norgeskartet, ville talet på kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane krympa frå 59 til 13. Bak forslaget står norges mest brukte kommune-utgreiarar, som har blitt utfordra av NRK til å lage ei skisse til ny kommunereform.

SJÅ TV-SAK: Analyseselskapet Nivi har ei årrekkje utgreidd effektivisering og samanslåing i kommunane. På oppdrag frå NRK har dei teikna eit nytt noregskart.: