NRK Meny
Normal

Satt av sju dagar til Fjord1-rettssak

Per Sævik og Havilafjord skal i retten i slutten av august for å kjempe mot Sogn og Fjordane fylkeskommune i den såkalla Fjord 1-striden.

Per Sævik

Per Sævik tek Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt sal av Fjord1-aksjane til retten.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

30. august møtast Havilafjord og fylkeskommunen i Fjordane tingrett til sjøslag om Fjord1-salet. Til saman sju dagar er sett av til saka mellom Sævik-selskapet og Sogn og Fjordane fylkeskommune, skriv Nett.no.

Striden dreier seg om Havilafjord hadde forkjøpsrett då fylkeskommunen med ei røyst overvekt vedtok å selje sine aksjar i ferjeselskapet til Fjord1-konkurrenten Torghatten.

Alt om striden kan du lese her.

Meiner han har ei god sak

Konkurransetilsynet skal gi si avgjerd i saka denne veka, seinast torsdag, men Havilafjord vil uansett ha ei prinsipiell avklaring på dette, i forhold til Aksjelova og minoritetseigarane sine rettar.

– Vi meiner vi at vi har ei god sak, seier Per Sævik til Nett.no.

Om Havilafjord vinn denne saka, vil selskapet krevje at dei får kjøpe fylkeskommunen sin del av aksjane, slik at dei då blir eineeigar av transportselskapet.