Hopp til innhold

– Vi treng like mange fagarbeidarar som mastergrader framover

NORDFJORDEID (NRK): Fram mot 2035 vil Noreg mangle 70.000 fagarbeidarar. No må folk forstå at handverksutdanning er like viktig som mastergrad, meiner regjeringa og NHO.

Jørgen Lomheim Tang

VIL STARTE FOR SEG SJØLV: Draumen til Jørgen Lomheim Tang er å starte for seg sjølv. Han lærer tømrarfaget ved Sogndal vidaregåande skule. Her konkurrerer han i Sogn og Fjordane-meisterskapen i yrkesfag.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Vi møter Jørgen Lomheim Tang frå Sogndal medan han er i gang med å snikre eit hushjørne.

– Det er viktig å vere nøyaktig med alle mål så det stemmer med høgda på standerane, og å få det tett, fortel han.

Truleg har han gjort eit godt val. Ifølgje ei måling frå NHO spør 62 prosent av medlemsbedriftene deira etter tilsette med utdanning frå yrkesfag.

Og han får full støtte frå regjeringa i sitt yrkesval. Statssekretær Tom Erlend Skaug (H) er tydeleg.

– Vi treng like mange meistrar og fagarbeidarar som mastergrader framover.

Søkjartala viser ein auke blant dei som søkjer seg til yrkesfag.

– Fagområdet som flest bedrifter spør etter totalt sett, er handverksfag. Rundt halvparten av bedriftene har behov for personar med slik kompetanse, opplyser Rune Foshaug, avdelingsdirektør i NHO.

Tom Erlend Skaug

STORT BEHOV: – Kompetansebehovsutvalet la nettopp fram ein rapport viser at det er stort behov for fleire mellom anna innanfor or bygg og anlegg og helse og omsorg, seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Tom Erlend Skaug (H).

Foto: Benedikte Grov / NRK

Behovet aukar stort

I granskinga til NHO kjem det fram at bedriftene vil ha ungdom som vil jobbe med teknikk og industriell produksjon, følgt av bygg- og anleggsteknikk og elektrofag.

– SSB anslår at det vil vere behov for over 300 000 fagarbeidarar i 2030. Med utgangspunkt i dagens søking og gjennomføring i fagutdanningane, angir SSB ei underdekning på 70 000 fagarbeidarar i 2035. Behovet vil berre auke, ifølgje Foshaug.

Statssekretær Tom Erlend Skaug viser til at det i fjor for fjerde år på rad blei sett læreplassrekord.

– Men framleis er det for mange elevar som dessverre ikkje får den læreplassen dei treng, seier han, og meiner enda fleire bedrifter må opne for dette.

Vurderer fagskule

Jørgen Lomheim Tang er godt i gang med sitt utdanningsløp, og klar på kva hans draum er.

– Eg lurer på å gå fagskule etter at eg er ferdig som lærling, og få litt høgare utdanning. Draumen er å starte for seg sjølv, men det er eit par år til enno, seier han.