– Bøkene til desse forfattarane meiner eg framleis er levande. Det er gode forfattarar og gode bøker innan ulike sjangrar og ulike historiske periodar, seier Ove Eide.
Han er sjølv forfattar, og ifølgje fylkesbibliotekar Siri Ingvaldsen, den som har mest inngåande kjennskap til litteraturen frå Sogn og Fjordane.
– Det er eit stort arbeid, som gjev godt innblikk i den eldre litteraturen, seier Ingvaldsen.
Som retningslinje sette Eide seg at alle forfattarane skulle ha debutert før 1990. Han har også prøvde å fordele det slik at det er ei breidde innan sjanger, kjønn, tidsperiode og tema.
– Det er eit tverrsnitt av historia. Desse bør ein lese og kjenne til, for det har med identiteten vår å gjere, seier Eide.
Eigen forfattarportal på nett
Samstundes som Eide presenterer si liste kjem også Fylkesbiblioteket med ei ny nettportal som presenterer forfattarar frå fylket. Til no er over 400 forfattar lista opp. Her kan ein søkje på kommune, sjanger, tiår eller hundreår, og få opp ei lang liste av forfattarar frå sin heimkommune eller favorittsjanger.
– Vi har lagt mykje arbeid ned i dette. Det er evigvarande arbeid, for det vil alltid kome til nye forfattarar og vi vil oppdage namn som vi skulle hatt med, fortel Ingvaldsen.
- Les også:
- Les også:
Eide er imponert over det nye verktøyet, som ikkje berre kjem litteraturgranskarar til gode.
– For lesarar flest kan det gje ein veg inn i litteraturen. Det er lett å orientere seg om forfattarar og skrivarar ein ikkje veit noko om, men som kan vere verdt å sjå nærare på, seier han.
Forfattarar som er tekne med har alle ei tilknyting til fylket, og vore busette her ein vesentleg periode, og gitt ut minst ei bok på eit forlag. Portalen er laga i samarbeid med Nordland, og dersom fleire fylkeskommunar er interesserte er det lagt opp slik at dei enkelt kan gjere noko liknande.
– Er det ein forfattar eller to ein saknar, så må dei gjerne sende oss tips, oppmodar Ingvaldsen.