Hopp til innhold

Omset nynorskhøvdingen Jakob Sande til bokmål

Klisjeen seier at nynorsken er det poetiske språket, men Knut Nærum prøver seg på ei endring: No har han omsett Jakob Sande til bokmål

Knut Nærum

UTFORDRAR NYNORSKEN: Knut Nærum har omsett Jakob Sande sitt berømte dikt 'Etter ein rangel' til bokmål.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

Det kjende diktet «Etter ein rangel» av Jakob Sande er ikkje lenger å finne berre på nynorsk.

Jakob Sande

VERT TUKLA MED: Skal tru om Jakob Sande snur seg i grava no når verket hans er oversett til bokmål.

Foto: NTB/Scanpix

Komikaren og forfattaren Knut Nærum, best kjend frå humorprogrammet Nytt på Nytt, har no drista seg til å omsetje diktet som Sunnfjordingen Jakob Sande skreiv.

– Spenstig forsøk, men eg held ein knapp på Jakob Sande framfor Knut Nærum, fortel nynorskentusiasten Ove Eide som har skrive fleire biografiar om diktaren frå Dale.

Høyr den nye versjonen nedst i saka!

Kvidde seg for å lese inn bokmålsversjon

Skodespelaren Jon Eikemo gjorde diktet udødeleg gjennom framsyninga «Jakob Sande & Jon Eikemo, trur eg…».

Einmannsframsyninga viste seg å verte ein av dei største suksessane i Det Norske Teatret si historie, og han fekk også Kritikarprisen for denne. I tillegg fekk Eikemo Spelemannsprisen i 1979 for ei plate med Sande-dikt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jon Eikemo

MEST KJEND: Jon Eikemo har den mest kjende tolkinga av 'Etter ein rangel'

Foto: Tore Zakariassen / NRK

Den røynde skodespelaren Frøydis Armand har fått oppgåva å spele inn bokmålsversjonen av diktet. Ho har fortalt at ho kvidde seg for å gjere dette, sidan Jon Eikemo si tolking er det ein ofte forbind med diktet.

Skrive om til eit kvinneperspektiv

Diktet er også skrive om til eit kvinneperspektiv for å få fram ein endå sterkare kontrast mellom bokmålsversjonen og originalen. Enkelte ord er også modernisert, til dømes ordet «laddevinsrus» er erstatta med «brennevinsrus». Dette liker Ove Eide dårleg.

Eit artig eksperiment som syner at i dette tilfellet er nynorsken sterkare og meir klangfull.

Ove Eide

– Dette gir ein heilt annan assosiasjon, laddevin var ein billeg sterkvin. Berre i dette ordvalet misser Nærum noko av det innhaldet som ligg i diktet, seier han.

Han reagerer også på andre omskrivingar Knut Nærum gjer: «Ei nonne i fråhaldsfolkets ring», mot originalversjonens «Ein munk i ein misjonskonering».

– Ein misser klangen i omsetjinga. Formuleringane får ikkje den same krafta som hjå Jakob Sande, fortel Ove Eide.

Høyr Frøydis Armand lese diktet på bokmål her:

Kva meiner du? Gjer diktet seg like bra på bokmål? Ta debatten i kommentarfeltet under!