– Eg var alltid «indianar» når me leikte «cowboy og indianar» som barn. Då eg vaks opp og sette meg inn i historia, kulturen, kva alt betyr og slikt, så vart det veldig fascinerande å driva på med dette her.
Om lag 25 mannekengdokker står i utstillingslokalet i Sogndal, kledd opp i tradisjonelle klede frå det uramerikanske folket. Frå fjørpryden på toppen til mokasinane på beina: alt er laga av Rolf Inge Endestad.
Det er spesielt Lakota-urfolket han har pressa til hjartet sitt. Eller Siox-urfolket, som dei kanskje er meir kjende som.
Vart urmenneske
Det er spesielt dei siste 12 åra han verkeleg har lagt seg i selen med sying, brodering og alt anna som må til for å få til kleda. Og det gav uventa resultat.
MANGE BESTILLINGAR: Endestad må ofte jobbe frå morgon til kveld for å rekke alle leveransane.
Foto: Sondre Dalaker / NRK– Det var nokre folk i ein stamme som heiter Choctaw Nation som følgde meg på Facebook. Så tok dei initiativet til å gjera meg til eit medlem av stammen deira. Så hadde me ein seremoni via Facetime, der det var både høvding, leiarar og advokatar til stades.
– Det er klart det er ei æra. Eg brenn for å formidla kulturen til urfolket i Nord-Amerika generelt.
Auka interesse for urfolk
– Det er mange grunnar til å vere oppteken av urfolk. Det er ein del av den grunnleggande historia til eit kvart land og område, seier professor i urfolksstudiar ved Noregs arktiske universitet, UIT, Else Grete Broderstad.
STOR FORSKINGSINTERESSE: Folk er meir interesserte i å forske på urfolk no enn før, seier professor i urfolksstudiar, Else Grete Broderstad.
Foto: Liv Inger Somby / NRKHo ser at interessa for urfolk generelt sett har auka dei siste åra, særleg på forskingsområdet.
– Det å vite om historia er viktig for å forstå korleis ting er i dag og korleis ting kan gjerast betre i framtida, fortel Broderstad.
Vil ha museum
Den store draumen til Endestad er å få i stand eit museum der arbeidet hans kan få evig liv. Til vanleg er det stua inn på guterommet i huset til foreldra.
– Eg brenn for dette og å visa fram kulturen deira. Då kan folk få sjå og oppleva dette også etter eg er vekke, seier han.