Hopp til innhold

– Eg kjende det som ei skam å gå der unyttig!

Det seier lyrikaren Jan-Magnus Bruheim frå Skjåk i dette intervjuet frå 1964. Han fortel at han i yngre år tok øksa og drog til skogs, for at folk skulle tru at han gjorde «skikkeleg mannfolkarbeid». Men etter som åra gjekk vaks sjølvtilliten, og han kunne gå i skogen med berre ei innbilt øks på nakken.

Arkivopptak med lyrikaren Jan Magnus Bruheim

Møt lyrikaren Jan-Magnus Bruheim i dette arkivopptaket frå 1964.

I år er det hundre år sidan forfattaren og lyrikaren Jan Magnus Bruheim vart fødd i Skjåk i Gudbrandsdalen, der han også budde det meste av livet. Gjennom heile 2014 blir jubileet markert, mellom anna med festforestillingar, lyrikkveldar og konsertar både i heimbygda og fleire andre stader i landet. Men på sekstitalet var ikkje aksepten like stor for at dikting var heildagsjobb, og dermed likeverdig med anna arbeid.

– Nei, eg er ikkje så viss på det, seier Bruheim til Nrk i intervjuet frå 1964. – Ikkje har ein fast løn, og ikkje syner det så mykje att etter slikt arbeid. I alle fall ikkje for meg.

Bruheim fortel at han ofte vart sitjande ved pulten, eller ved ein stein på elvekanten, og berre la tankane flyge.

Jan Magnus Bruheim

Jan-Magnus Bruheim.

Foto: nrk

Tru på ungdommen

Bruheim vaks opp på gard, men arbeidde i fleire år som lærar, før han vart forfattar på heiltid. Lærargjerninga gav han mykje, noko han også gjev uttrykk for i opptaket frå 1964:

– Det er den beste tida eg har hatt. Samværet i skulestova gav meg så mange rike og gode stunder.

Bruheim fortel vidare at han har stor tru på ungdommen, sjølv om folk til alle tider har klaga på dei unge.

– Den unge ber alle voner i seg, seier Bruheim. – Alle kan nok ikkje bli lærde menn eller store personlegdommar. Men ein ting har alle vilkår for å bli; nemleg gode menneske.

Sjølv var Bruheim 27 år gammal då han debuterte med diktsamlinga ”Stengd dør”, som handla om kjærleikslengt og einsemd. I seinare bøker vart diktinga meir prega av eit sterkt samfunnsengasjement og kampen mellom godt og vondt. Han var naturvernar, han var aktiv i fredsarbeid og arbeid mot atomvåpen.

Ein trassig optimist

Ove Eide frå Sandane i Nordfjord er redaktør for diktsamlinga "Jan-Magnus Bruheim, dikt i utval" som kom ut tidlegare i år. Norsklektoren, som tidlegare har skrive biografien om Jakob Sande, meiner forfattarskapen til Bruheim vart oversett av den akademiske og litterære eliten utover 1970-talet av.

Ove Eide.

Ove Eide, her frå lanseringa av biografien om Jakob Sande

Foto: Kjetil Lillesæter. / NRK

– Bruheim var i stor grad ein tradisjonalist i forma, og følgde ikkje dei rådande litterære trendane. Han skreiv mykje på rim, og kom dermed på sida av dei dominerande straumane i samtida. Men han var veldig populær blant folk flest, legg Eide til.

Bruheim var oppteken av tematikkar som lengt, kjærleik og utanforskap, særleg i byrjinga av forfattarskapen. Men Ove Eide meiner at han vart meir politisk etter som åra gjekk, men utan å verta agiterande.

–Han skreiv om ansvar for jordkloden, og insisterte på at mangfald og ulikskapar er av det gode. Han gjekk sterkt inn i eiga samtid, likevel er dikta framleis aktuelle i dag. Bruheim syner gjennom dikta sine ei sterk tru på menneska. På mange måtar kan vi seie at han var ein trassig optimist, avsluttar Ove Eide.

Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad i skulehuset i Botnane.

Foto: Idun Fivelstad / nrk

Ville styrke kvinna si rolle i samfunnet

Det rådande kvinnesynet, og kvinna si rolle i samfunnet, er døme på tema Jan-Magnus Bruheim var oppteken av på 1960-talet. I intervjuet frå 1964 gjev han uttrykk for dette:

– Dersom kvinna kunne bli var si eiga makt, kunne ho styre utviklinga i rett lei.

Bruheim meinte at samtida var alt for mannsdominert, og at kvinna måtte få sin rettmessige plass i samfunnet. Somme eigenskapar er meir særmerkte for kvinner enn for menn, la ha til:

– Mjuklynne, offervilje, hjartevarme. Eg trur trongen til å verne liv er nedlagt i kvinna. Evna til å skape i staden for å øydelegge.

Flytta til Sogn og Fjordane

I 1978 flytta Bruheim til det nedlagde skulehuset i Botnane i Bremanger kommune. Han hadde lenge ynskt å bu ved kysten, for å oppleva ein annan natur og eit anna folkelynne enn han var van med. I Botnane fekk diktinga hans ny næring med nye motiv og synsvinklar. 11 av dei 45 bøkene hans er skrivne der.

I 1985 flytta Bruheim tilbake til heimbygda Skjåk, etter det han sjølv omtala som "sju gode år" i Botnane. Bruheim fekk ei rekkje prisar og premiar for barnebøkene sine, mellom anna frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Han vart og tildelt Doblougprisen, Sunnmørsprisen og Kulturprisen for Gudbrandsdalen.

Jan-Magnus Bruheim døydde i heimen sin i Skjåk i 1988.

Ny plate med tekstar av Bruheim

Skulehuset i Bremanger vart omgjort til studio då felespelar og songar Sigrid Moldestad ville markere hundreårsjubileet for Bruheim sin fødsel på sin måte. Den svært kritikkerroste plata "Brevet til kjærleiken" kom ut den 14. februar, fødselsdagen til Jan-Magnus Bruheim. På plata har Moldestad laga nye melodiar til Bruheim sine tekstar.

intevju med Sigrid Moldestad

Sjå intervju frå NRK Vestlandsrevyen.

Flere saker fra Innlandet