Hopp til innhold

Knapt 40 personar kom på folkemøte om bompengar

Det var langt mellom folka i salen då Førdepakken tromma i hop folkemøte for å orientere om bompengeplanane. Berre mellom 30 og 40 personar var å sjå i salen.

Lunde og Opseth
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Tidlegare samferdsleminister Kjell Opseth var éin av dei. I si tid jobba han med mange bomprosjekt, og han trur ikkje ein eventuell motstand vil stikke kjeppar i hjula for bomring rundt Førde.

– Tendensen overalt er at mange er i mot før og under bygging, men i det stille er dei for når alt er i gang. Det kjem til å skje her også, seier Opseth.

I forslaget til bompengesystem, som vart lagt fram for Førde formannskap onsdag ettermiddag, legg ein opp til fem bomstasjonar i første omgang rundt Førde.

Prisen skal liggje på mellom 18 og 20 kroner per passering, og ein legg med dette opp til ei delfinansiering av Førdepakken. Rapporten er utarbeidd av Helge Hopen i samarbeid med Rambøll AS.

Ein ser også føre seg eit sjette bompunkt på den planlagde brua som skal knyte Halbrendsøyra og Øyrane i hop. Onsdag kveld var det skipa til folkemøte om bomstasjonane i Førdehuset.

Verre dess lenger ein ventar

Opseth legg ikkje skjul på at tida er overmoden for å gjere noko med trafikksituasjonen i Førde sentrum, noko han også sa frå talarstolen.

– Eg er fullstendig klar på vi må gjere noko på vegsektoren i Førde. Og dess lenger ein ventar, dess verre vert det. Det går ut over folk flest og ikkje minst handelsnæringa, seier Opseth.

Han meiner det viktigaste er å kunne komme seg inn og ut av Førde.

– Gjer ein ikkje det, vert det ikkje handel heller, seier Opseth.

(Artikkelen held fram under videoen)

Helge Hopen om bomringen rundt Førde

Helge Hopen om bomringen rundt Førde

Kjell Opseth er klar på kva som betyr mest når ein skal gå for bompengar.

– Det viktigaste er å få ei trafikkavvikling i sentrum, samtidig som ein får parkeringsmoglegheiter i sentrum. Får ein ikkje til det er hovudnæringa i Førde vekk. Har ikkje kommunen råd er det den einskilde som brukar som må bruke det. Det er ikkje noko nytt, og har vorte brukt mange stadar med hell, seier Opseth.

NAV vil komme med innspel

– Eg tykkjer dette er eit godt forslag og eit godt grunnlag for vidare debatt. Men eg ser ein del forbetringspunkt, seier Leif Bell i NAF.

Han tenkjer spesielt på trafikken på stamvegnettet riksveg 5 og E39.

– Der må vi setje oss ned og komme med nokre forbetringspunkt, seier Bell.

Han siktar til at den trafikken som går på stamvegnettet kanskje bør sleppe bompengar sidan dei har liten eller ingen nytte av dei tiltaka som kjem i Førdepakken.

– Når den nye E39 blir realisert må ein betale på nytt att på den, seier Bell.

(Artikkelen held fram under videoen)

John Helge Lunde om næringslivets syn på bomring rundt Førde

John Helge Lunde om næringslivets syn på bomring rundt Førde

Er usamd i finansieringa

Ove Håkonsen i Framstegspartiet er ikkje positiv til bomring, men var likevel nøgd med noko av planlegginga.

– Vegane og alt er veldig positivt, men vi meiner finansieringsmodellen er feil, seier Håkonsen.

Han peikar på at 6000 kroner i året er mykje pengar for mange.

– Staten har pengar, og i staden for å låne pengane til utlandet kan ein låne det til våre eigne innbyggjarar. Då kan ein byggje større einingar slik at fleire kan konkurrere om prisar, og då får ein rimelegare bygging, seier Håkonsen.

– Det var ikkje mange som møtte opp i dag. Trur du det betyr at sunnfjordingane har gitt opp, og berre ventar på at bomringen skal komme?

– Eg veit ikkje om folk har fått med seg alle desse møta. Det er kanskje at det ikkje vert gitt god nok beskjed, seier Håkonsen.

– Kor realistisk trur du det er at det ikkje kjem bomring?

– Eg har tru på at dersom kommunen får ut fingeren og vi får ei god borgarleg regjering frå hausten av, så kan pengane komme. Då er Førdepakken finansiert, seier Håkonsen.

Oddvar Flete om arbeidet med bomring rundt Førde fremover.

Oddvar Flete om arbeidet framover