Hopp til innhold

Kan bli bomstasjonar alt neste år

Allereie neste haust kjem det bomstasjonar rundt Førde. Deretter kan bilistane måtte betale bompengar i femten år framover.

Bomstasjon

2014: Neste haust kan du måtte betale for deg på vegane i Førde.

Foto: NRK

Slik ser iallfall tidsplanen til Førdepakken AS ut, skriv avisa Firda. Finansiering av nye og betre vegar i sentrumsområdet er årsaka til bommane, eit arbeid som selskapet meiner er nødvendig om ein skal sikre sentrumsutvikling.

Selskapet jobbar også for å få til ei betre løysing for E39 forbi Førde, men før jul vart denne delen skilt ut frå Førdepakken. E39 blir rekna som eit enkeltprosjekt der ein berre kan ta inn bompengar i etterkant, medan det på dei interne vegane kan krevjast inn bompengar samtidig som byggearbeidet går føre seg.

Prislappen for eit betre vegnett i sentrum av Førde er totalt på 1,5 milliardar kroner, der halvparten er tenkt henta inn gjennom bompengar. Resten håpar ein skal bli eit spleiselag mellom Førde kommune, staten og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Det er framleis ikkje bestemt kor mange bomstasjonar som vil komme rundt Førde, heller ikkje kor dei skal ligge og kva satsane blir. Firda skriv at dette vil bli klart etter at utgreiings- og høyringsrundane er ferdige. 6. mai inviterer kommunen til ope møte der folk kan kome med innspel.

Den endelege bompengesøknaden skal utformast i august/september, skriv Firda.

Ei undersøking gjort av på oppdrag frå Framstegspartiet våren 2011 viste at eit fleirtal av innbyggjarane i Førde er negative til bompengar. Også ordføraren i Florø har uttrykket stor skepsis til at bilistar frå kystbyen skal måtte betale for å køyre gjennom Førde.