Hopp til innhold

Her kan det bli bomstasjonar frå 2015

Det vert i første omgang lagt opp til fem bomstasjonar rundt Førde for å delfinansiere Førdepakken. Prisen er sett til 18–20 kroner.

Bomring i Førde

HER KJEM BOMMANE: Det vert lagt opp til to bommar på E39, éin på vestsida før rundkøyringa ved Førde hotell, éin på austsida på Bruland aust for Farsund Bygg, på riksveg 5 ved sørenden av Klettentunnelen, i Angedalsvegen mellom Kyrkjevegen og avkøyrsla til Presteholten og på fylkesveg 484 ved brua Kronborg-Vie. Det er i tillegg lagt opp til ein sjette bomstasjon på brua som er planlagd mellom Halbrendsøyra og Øyrane.

Foto: Rambøll AS

– Vi har eit forslag til eit bompengesystem for å delfinansiere Førdepakken. Det inneber i første omgang fem bomstasjonar rundt Førde sentrum med eit takstnivå på 18 til 20 kroner, litt avhengig av kor mykje det offentlege går inn med i pakken, seier Helge Hopen som har utarbeidd rapporten saman med Rambøll AS.

Ein ser også føre seg eit sjette bompunkt, på den planlagde brua som skal knyte Halbrendsøyra og Øyrane i hop.

Satsen er i utgangspunktet sett til 20 kroner, men dersom ein vel å kjøpe bombrikker får ein ti prosent rabatt, noko som får prisen ned i 18 kroner.

Berre betaling éin veg

Styret i Førdepakken AS har i vår arbeidd med å få fram ei utgreiing som skal danne grunnlaget for å få fram ein godkjend bompengesøknad for Førde sentrum. I dag vart planane lagde fram for formannskapet i Førde.

– Forslaget er eit rimeleg enkelt system der ein betalar ein gong når ein køyrer til Førde sentrum, eller gjennom Førde sentrum. Takstnivået vil då liggje på det vi har føreslege, seier Hopen.

Rapportane som no er lagde fram for formannskapet tek føre seg bompengeordning, trafikkgrunnlag, takst og rabattsystem samt finansieringsplan og analysar.

Mange har vore uroa for at ein lyt betale både på veg inn og ut av Førde, men det ser ikkje ut til å bli tilfelle.

– Nei, det blir berre ei betaling, anten ein skal ein tur til Førde og heim att, eller køyre tvert gjennom slik som til dømes E39-trafikken gjer, seier Hopen.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

No kan også Førde få sin bompengering...
I ein plan som blei presantert i ettermiddag blir det foreslått bompengestasjonar på desse stadane. Prisen blir rundt 20 kroner, og dette skal finansiera eit nytt vegsystem rundt sunnfjordsbyen.

BOMPENGAR: No kan også Førde få bompengering.

Vil unngå snikkøyring

– Det er ikkje lagt opp til nokon kompliserte rabattsystem som til dømes går på tid eller kva ein skal etterpå. Det er berre forslag om innkrevjing på veg inn til Førde, seier Hopen.

Bomstasjonane er tenkt på hovudvegane.

– Det er eit viktig prinsipp å unngå at det vert snikkøyring på vegar som ikkje toler det. Vi må dekkje opp alle køyrevegar inn til Førde for å lage ein tett ring, seier Hopen.

Det betyr i praksis fem stasjonar fordelt rundt Førde.

– Når ein først har passert gjennom ringen så er det ingen betalingar i Førde sentrum, seier Hopen.

Set ei grense på 30 passeringar i månaden

– Det er føreslege at det vert lagt inn passeringstak, det betyr ei grense på kor mange gonger i månaden ein må betale, seier Hopen.

Dette er gjort med tanke på dei som bur eller driv næring i Førde, og som har eit stort transportbehov.

– Dette er gjort for at dei som passerer fleire gonger om dagen skal få ein føreseieleg økonomi og ikkje ein unødvendig hard belastning. Difor er det føreslege eit tak på 30 passeringar i månaden, seier Hopen.

Ingen kunstige grenser

– Grovt sett blir bomstasjonane på E39 når ein kjem vestfrå, E39 når du kjem austfrå på Bruland, Vievegen og Angedalsvegen, samt riksveg 5 i området ved tunnelen, seier Hopen.

Han legg til at ein har forsøkt å leggje nokre snitt slik at ein ikkje lagar kunstige delingar av område.

– Litt av hensikta med bompengesystemet er at det skal vere såpass enkelt at det i praksis ikkje betyr noko kvar du bor, innanfor eller utanfor. Dei fleste vil før eller seinare ha eit transportbehov der dei passerer, og dei som har stort behov vil komme innunder dette med passeringstak, seier Hopen.

Vil unngå to bompengesystem

– Det er lagt opp til ein bompengeperiode på ti år. Det er fordi ein ser for seg at det kan komme ein ny E39 utanfor Førde på sikt. For å unngå at ein til dømes får to bompengesystem, er det best å gjere seg ferdig med tiltaka i Førde sentrum slik at det blir enklare å få finansiering på E39 når den tid kjem, seier Hopen.

Denne bompengeringen gjeld med andre ord vegane i Førde sentrum, og har ingenting med E39 å gjere.

– Bommane her er knytte opp til kommunedelplanen som Førde kommune har for tiltak i sentrum, og er lausrive frå planane om E39, seier Hopen.

Er nøgd med konklusjonen

– Desse konklusjonane har vore utarbeidde i sterk dialog med Førdepakken. Vi har undervegs diskutert kva løysingar som kunne vere aktuelle. Det som er komme fram er også der som eg står, seier Oddvar Flæte i Førdepakken.

Framlegget skal leggjast fram for styret i Førdepakken 18. juni, og så vil styret si innstilling bli send over til Førde kommune som skal ta endeleg stilling til dette.

– Då er vi nok komne til slutten av august, seier Flæte.

At det kan liggje an til at prisen per passering vert 18–20 kroner, passar Flæte godt.

– Eg tykkjer det er ein behageleg del av det, når vi samanliknar med mange andre. Eg kjem sjølv frå Leikanger og betalar 30 kroner i Fatlatunnelen, seier Flæte.

Han meiner bompengeordninga er rimeleg.

– Det er rimeleg med tanke på alt ein får til. Førde skal bli ein sykkelby, ein skal få gangvegar og ein skal få løyst opp i trafikkproblema. Eg trur dette blir ei kjempeløysing for det som er eit fylkessenter, seier Flæte.

Fekk godt hovudinntrykk

Også Førde-ordførar Olve Grotle er nøgd med det som vart lagt fram i dag.

– Hovudinntrykket er at dette ser ut til å kunne bli ei grei innordning, både for bilistane i Førde, men også for dei som pendlar inn. Eg trur vi har funne ei løysing som gir oss det vi skal ha, seier Grotle.

Han understrekar at dette er ei tilråding og at det til sjuande og sist er Førde bystyre som tek avgjerda.

– Eg trur både pris og plassering vil verte diskutert. Eg trur også nivået på takstane ligg noko lågare enn det mange har sett føre seg, og det vil truleg falle heldig ut, seier Grotle.