Det nye krysset med rundkøyring på fv. 5 på Bergum opna i dag. Arbeidet med prosjektet, som er første del av Førdepakken, starta i mars i fjor.
Jorunn Sunde har vore ein av forkjemparane for prosjektet. Allereie i august 1997 stod ho fram i avisa Firda og foreslo ei rundkøyring i området.
Sidan det har ho, saman med fleire andre bebuarar i området rundt Bergum, arbeidd for å få prosjektet i gang. Sunde er godt nøgd når ho står og ser utover det nye krysset tysdag morgon.
– Det er heilt fantastisk. Akkurat no står eg og tenkjer på at Vegvesenet har vorte meir enn berre vegar, det har også vorte parkarbeid, planting og gartnararbeid, seier ho.
– Rørande å sjå
Sunde var leiar for Kletten grendelag då ho først stod fram med eit ønskje om rundkøyring. Etter opninga seier ho det er synd at ikkje alle som har jobba for prosjektet får sjå det ferdig.
– Eg skulle ønskje at alle dei som har sete i styret saman med meg i forskjellige samanhengar var her i dag, seier Sunde.
Den tidlegare grendelagsleiaren vert rørt når ho ser kor mykje området har endra seg gjennom arbeidet med den nye rundkøyringa.
– Eg synest det er rørande å stå å sjå på det vi har fått her ute. Vi har ikkje berre fått ein veg, vi har fått ein park.
– Ulukkesbelasta
Prosjektleiar for Førdepakken Erling Varlid er også glad for at det nye krysset no er opna.
– Det er ein flott dag for oss. Vegopning er alltid stort for Vegvesenet, og det både håpar og trur vi at det skal bli også for Bergumkrysset. Vi er veldig godt nøgde med resultatet, seier han.
Varlid fortel at det var dei mange ulukkene i det gamle krysset som gjorde at dette vart eit prioritert prosjekt i Førdepakken.
– Bergumkrysset kom med som eit prosjekt i Førdepakken fordi det var eit veldig ulukkesbelasta kryss, til dømes med syklistar mot bilar.
– Kjekke tilbakemeldingar
Prosjektleiaren er glad for at bebuarane på Bergum er nøgde med korleis krysset no har vorte.
– Slike tilbakemeldingar er veldig kjekke å få, og vi har fått mange av dei her på Bergum. Vi håpar at anlegget skal verte godt motteke blant dei som bur her, seier Varlid.
Under arbeidet med krysset har det vore lysregulering i området. Varlid vedgår at dette har ført med seg utfordringar.
– Det har vore utfordrande, og det var vi klar over på førehand. Når 7.000 bilar kvar dag skal gjennom eit område der entreprenøren prøvar å lage ny veg kan det oppstå situasjonar. Likevel er arbeidet utført utan ulukker, så vi må seie oss ganske nøgde.