Hopp til innhold

Næringslivet føler seg truga av sentrumsplan

FØRDE (NRK): Butikkar ved Elvetorget protesterer mot ein ny parkeringsplan som er lagt fram for Førde sentrum. No har dei sett i gang ein underskriftskampanje for å stoppe planane.

Anne Karin Steen er innom på Rema 100 for å sjå korleis det står til med underskriftskampanjen.

SANKAR UNDERSKRIFTER: Anne Karin Steen er innom Rema 1000 for å sjå korleis det går med kampanjen.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Me mister veldig mykje av parkeringsarealet vårt, og parkeringsplassar er grunnlaget vårt for å drive butikk, seier senterleiar ved Elvetorget, Anne Karin Steen.

I den nye sentrumsstrategien for Førde er det lagt fram forslag om å fjerne alle parkeringsplassar som ligg tett på kjøpesentera, og samle dei i parkeringshus.

Steen har sett i gang underskriftskampanjen, då ho meiner at dette vil auke gåavstanden frå bilen til butikkane, og at dermed fleire kjem til å droppe å handle på sentera.

Fleire hundre underskrifter

Rema 1000 var blant butikkane som hadde underskriftskampanjen framme.

REMA 1000: Tomme underskrifter ligg klare til utfylling.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

382 underskrifter er no levert til kommunen. Dei butikktilsette utgjer 94 av desse, medan 288 av underskriftene er frå kundane. Steen seier at alle som driv butikkane har skrive under.

– Dei er samrøystes i at dersom parkeringsplassane rundt senteret forsvinn, så vil dette påverke dei negativt, seier ho.

Mesteparten kjem frå Rema 1000, noko Steen meiner kan vere fordi at mange tek storhandelen der og dermed har mange tunge posar å bere.

Ordføraren ynskjer mindre trafikk

Parkeringsplanen og resten av sentrumsstrategien skal leggast fram for politikarane i løpet av hausten. Ordførar for Førde, Olve Grotle (H), legg vekt på at Førde er den største byen mellom Bergen og Ålesund.

Han ynskjer å utvikle byen til å bli enda større og trivelegare. Han meiner at det på sikt vil gagne sentrum å få fleire parkeringshus.

– Det kan vere klokt å få byrom i Førde som ikkje er fullstendig dominert av parkeringsplassar, seier han.

Blanda respons frå folk i byen

Mari Krøke er på handletur og har akkurat parkert bilen sin utanfor Elvetorget og tenker at det kan gå begge vegar.

– Det kan hende det blir betre med litt mindre bilar og mindre støy. I alle fall på sommaren, men eg veit ikkje heilt med vinteren, om det blir litt lang avstand å gå, seier ho.

– Det trur eg ikkje har så mykje å seie. Det er like viktig at ein har parkeringsplass, seier Roy-Erik Høydal.

Tilrettelegging for begge partar

Steen meiner at å fjerne parkeringsplassane som omringar Elvetorget vil råke butikkane. Grotle seier at han forstår bekymringa, men at ein likevel må finne andre løysingar.

– Eg tenker at det går an å finne løysningar der ein ikkje har parkeringsplassar over alt, men der ein greier å ordna det på ein litt annan måte, seier Grotle.

Steen seier at ho også ynskjer ei løysing for begge partar, men står fast ved poenget sitt.

– Våre kundar er opptekne av at parkeringsplassen er i nærleiken av butikkane, sånn er det berre.