Hopp til innhold

Vil ikkje betale bompengar

– Det er urimeleg at vi frå Florø skal betale for å køyre gjennom Førde.

Bengt Solheim-Olsen

LITE BEGEISTRA: Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen er lite lysten på å betale for å passere Førde.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det seier Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) til Firdaposten.

Frå 2014?

Alt i årsskiftet 2013/2014 kan det komme opp bompengering rundt Førde. Den såkalla Førdepakka skal finansiere nye vegar i og rundt byen. Men naboen i vest har lite sans for tanken om at alle skal betale.

– Det er på sin plass at folkk som handlar i Førde må betale bompengar, men det er samstundes heilt urimeleg at vi frå Florø skal måtte betale for å køyre gjennom Førde når vi skal vidare til Bergen, seier Solheim-Olsen til avisa.

Her kan det bli bomstasjon

VEGEN TIL OMVERDA: Denne rundkøyringa på Ytre Hafstad i Førde må Florø-folk passere om dei skal austover og sørover. Her kan det komme bomstasjon.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Har ikkje andre vegar

Han viser til at innbyggjarane i Flora må gjennom Førde på så godt alle bilturar ut av kystbyen. Situasjonen er den samme for naustedøler, deler av Bremanger og Hyen - i alle fall om turen går sørover.

Etter å ha betalt bompengar heil fram til 2011 for å betale ned Naustdalstunnelen, er Flora-ordføraren mildt sagt lite lysten på nye utgifter.

– I vårt tilfelle må vi gjennom Førde, anten vi vil det eller ikkje, nesten uansett kor vi skal.

18 kroner i Namsos

Førdepakken er no etablert som eige AS med dei fire kommunane i Indre Sunnfjord, Førde, Jølster, Gaular og Naustdal, som eigarar. Selskapet blir leia av tidlegare fylkesmann Oddvar Flæte.

Prisane for passering gjennom ein eventuell Førde-bomring er ikkje klare. Tilsvarande ordning i Namsos kostar i dag 18 kroner per passering for personbilar. Her har bompengar utløyst ei rekkje nye vegar.

Førde bystyre har fatta vedtak om å gå for ei bomringløysing.

To bommar på Rv 5?

Avisa Firda skriv laurdag at Vegdirektoratet opnar for to bommar langs riksveg 5, dersom Førdepakken blir gjort til eit regionalt prosjekt som også kan omfatte nye vegtiltak i Naustdal.

Naustdal kommune ønskjer å bygge ganbru over Nausta i sentrum av bygda. Svaret frå Vegdirektoratet er at det kan setjast opp bommar både i Førde og Naustdal. Direktoratet viser til at liknande er gjort i Oslo.

Håpet om å få ein ny E39 utanom Førde sentrum stig etter at Transportkomiteen i Stortinget i dag vart informert om planane. No er det håp om at den såkalla Førdepakken kjem inn i Nasjonal Transportplan til våren.

Transportkomiteen positiv til Førdepakken