Sidan januar 2011 har politiet i Sogn og Fjordane hatt ei prøveprosjekt, der dei har delt politidistriktet inn i tre driftseiningane.
Dette har gitt gode resultat, meiner konstituert politimeister Ronny Iden. Han seier mange fordelar med denne inndelinga.
– Vi meiner dette har gitt ei betre ressursutnytting, større fleksibilitet i forhold til vaktsamarbeid. Det har gitt betre beredskap totalt sett og større moglegheiter til å satse på spesialfunksjonar.
- LES OGSÅ:
Tillitsvalde vil vite meir
DOKUMENTASJON: Kjetil Drange vil gjerne ha meir dokumentasjon på resultata av tredelinga.
Foto: Vidar Gudvangen / NRKFÆRRE: Johan Brekke starta nyleg i jobben som politimeister i Søndre Buskerud. Medan han jobba i fylket tok han til orde for å færre lensmannskontor.
Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRKDei tre politieiningane, Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, har hatt kvar sin leiar. Dette er ein av lensmennene i regionen.
Driftseiningsleiaren har hatt ansvar for å planlegge, samordne og styre ressursane innanfor eininga. Samtidig har lensmannskontora halde fram som før.
Tillitsvald Kjetil Drange i Politiets Fellesforbund seier ordninga har fungert bra, men vil samtidig gjerne ha meir dokumentasjon.
– Vi har vore positive til denne inndelinga, og vi har gode resultat.
– Men eg stiller spørsmålet, har vi fått ein betre beredskap på bakgrunn av regioninndelinga?
– Du er ikkje sikker på det?
– Eg har ikkje blitt vist tal som tyder på det, seier Drange.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Avviser sniksamanslåing
Tidlegare politimeister i Sogn og Fjordane, Johan Brekke, signaliserte ved fleire høve at han ville ha færre lensmannskontor i fylket.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Konstituert politimeister Ronny Iden avviser at ordninga med ei tredeling er ei sniksamanslåing.
– Dette er for så vidt ein anerkjent måte å organisere politiet på. Det er mange politidistrikt som har gjort det same, men vi kan ikkje gå lenger enn dette, seier Iden til NRK.no.