Sogn og Fjordane politidistrikt får midlar til sju nye stillingar frå 1 juli, men politimeisteren vil vente to månader før nye blir tilsett.
UROA: Fylkesleiar Kjetil Drange i Politiets Fellesforbund fryktar dårleg bemanning i sommar.
Foto: Vidar Gudvangen / NRKFylkesleiar Kjetil Drange i fellesforbundet fryktar unødvendig dårleg bemanning i sommarferien.
– Eg tykkjer det er uheldig. Om sommaren er det ferieavvikling og då blir det tynnare i rekkene. Det er absolutt behov for å tilsetje før sommarferien, seier han.
Får sju nye stillingar
Men Drange må truleg vente til over ferien før nye kollegaer er på plass i politidistriktet.
– Pengane til desse stillingane er kjem 1. juli, men politimeisteren ønskjer å tilsetje frå 1. september. Dette er for å spare pengar. Men vi vil jobbe vidare for at stillingane blir utlyste så snart som mogleg. Vi ønskjer at prosessen blir starta slik at vi har folk på plass 1. juli, seier Drange.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
I tråd med valløftene frå regjeringa fekk alle landets politidistrikt i vinter lovnader om nye stillingar for å auke bemanninga. Sogn og Fjordane politidistrikt får sju nye stillingar.
– Vi har i lengre tid sagt det er eit skrikande behov for meir personell. Når tilsetjinga av desse sju blir utsett, er det motseiande i forhold til behovet.
Vil få budsjettet i balanse
Avtroppande politimeister Johan Brekke stadfester at økonomi er årsaka.
– Vi valde å gjere grep innledningsvis for at budsjetta skulle vere i balanse. Måten det er gjort på står heile leiargruppa bak, og det er drøfta med dei tillitsvalde i etterkant.
Brekke opnar likevel for at det kan bli tilsetjingar før 1. september.
– Intensjonen er å få dei på plass tidlegare, slik som vi har gjort før. Då har vi brukt dei som ferievikarar medan det er ferieavvikling i politidistriktet, seier Brekke.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: