Under ein pressekonferanse kom det måndag fram at politiet i Sogn har dobbelt så lang responstid som i Sunnfjord.
Det vil Åge Løseth, leiar i Politieining Sogn, gjere noko med.
– Til sommaren skal det fordelast kring 175 stillingar ut i politi-Norge. Vi hadde same opplegget i fjor, då fekk vi seks. Vi håpar at vi får fleire enn det i år, og om det skjer så ventar vi at vi kan få bruke ei eller to av dei stillingane knytt til å byggje opp situasjonen i Vik, seier han.
Stort vaktområde
HÅPAR: Lensmann Åge Løset i Sogndal er leiar i Politieining Sogn.
Foto: Sondre Dalaker / NRKUnder pressekonferansen måndag var eiga vaktordning for Vik mellom tiltaka politimeister Johan Brekke vurderer for å få ned responstida for politiet i Sogn.
Ei måling i fjor haust viste at gjennomsnittleg responstid i Sunnfjord er 20, medan den i Nordfjord er 30 minuttar. For Sogn er den 43 minuttar. Det er tydeleg kvar politiet har utfordringar.
I Sogn har Luster, Sogndal, Leikanger og Vik felles vaktberedskap.
– Slik som Vik ligg reint geografisk, så er det vanskeleg å få dei inn i vaktsamarbeid som gjer at responstida der blir kort, seier Brekke og vedgår at Vik si plassering på sørsida av Sognefjorden er ei utfordring.
Ikkje komfortabel
Løseth er ikkje komfortabel med dagens ordning, men trur det er mogeleg å få betra situasjonen. Dette fordi Vik allereie er godt bemanna på grunn av oppgåver kring Vik fengsel.
Dermed skal det ikkje så mykje til før dei er mange nok til å ha ei eiga kontinuerleg vaktordning.
– Dersom vi tek utgangspunkt i dagens bemanning i Vik, og fyller på med to politistillingar i Vik, så meiner vi at dei skal kunne vere fulldekka med eiga vakt og beredskap, seier Løseth.