Politidirektoratet har fordelt 273 nye årsverk til 26 av landets politidistrikt. I tillegg blir det sett av sju årsverk i reserve.
Løyvingane varierer frå fem til 26 ekstra årsverk. Sogn og Fjordane politidistrikt får sju.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Eg skulle helst sett at vi fekk ei stilling til, men eg kan ikkje seie at vi har fått lite i høve til andre politidistrikt. Det er for lite politifolk overalt, så vi får vere glade for at vi har fått fleire stillingar og fleire enn i fjor, seier politimeister Johan Brekke.
Kjem fleire stillingar
Det blir utdanna meir personell ved Politihøgskolen og assisterande politidirektør Vidar Refvik i Politidirektoratet er nøgd med å kunne stadfeste at det vil komme fleire nye årsverk i åra som kjem.
– Politiet skal medverke til tryggleik i befolkninga gjennom å vere til stades, redusert kriminalitet og gode beredskapsordningar, seier Refvik til politiet sine nettsider.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Etter terroraksjonen 22.7 i Oslo og på Utøya har det vore spesielt fokus på tiltak knytt til auka beredskap, samt tiltak retta mot styring, leiing og kultur.
70 nye i Oslo
– Politidirektoratet understrekar betydninga av robuste operasjonssentralar. Erfaringar og funn etter hendinga 22. juli, tilseier at ein gjennomgåande minimumsbemanning ved operasjonssentralane skal vere to tilsette, held Refvik fram.
- LES OGSÅ:
Oslo Politidistrikt har eigen budsjettpost på statsbudsjettet og går difor ikkje inn i denne fordelinga.
Her har dei fått 70 nye stillingar, som går til nyutdanna frå Politihøgskolen i løpet av sommaren.
Fekk to ekstra stillingar
Av dei 26 politidistrikta har ni fått utgangspunktet på fem stillingar. For Sogn og Fjordane sin del er det løyvd midlar til ytterlegare to stillingar på grunn av dårleg politidekning.
Ytterlegare stillingar vart tildelt ut frå politireforma frå 2000. Her nådde ikkje Sogn og Fjordane politidistrikt opp. Hordaland og Romerike har fått den største auken med 26 nye årsverk.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Eg har fått sju stillingar, og det er det eg må halde meg til i år, seier Brekke.
Møte i neste veke
Brekke seier det førebels ikkje er klart korleis dei sju nye stillingane i Sogn og Fjordane skal nyttast. I neste veke skal leiargruppa møtast i Loen for å diskutere fordelinga saman med budsjettet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Deretter vil konklusjonen deira bli drøfta med tillitsvalde.
– Etter 22. juli har det vore mykje fokus på beredskap, og justisministeren har sagt at den skal bli betre. Det har vi med oss i tankane, utan at stillingane er fordelte, seier Brekke.