Hopp til innhold

Politiet har fått mykje meir pengar - men ikkje fleire tilsette

Politiet i Sogn og Fjordane har fått betydeleg meir pengar dei siste fem åra. Men det har ikkje ført til fleire tilsette.

Johan Brekke

MEIR PENGAR: Sjølv om politimeister JOhan Brekke har fått meir pengar, har det ikkje blitt fleire tilsette i politiet i Sogn og Fjordane.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Talet på årsverk i politidistriktet har dei siste fem åra lege på staden kvil, med i underkant av 200. Om lag 50 av desse er sivilt tilsette.

Samtidig har altså politiet fått meir pengar, budsjettauken har vore på 33 prosent.

Men ifølgje politimeister Johan Brekke er det behov for kvar krone, til og med om dei hadde fått endå meir.

– Det som har vore realiteten i Sogn og Fjordane så lenge eg har vore politimeister, er at driftsbudsjettet, handlingsrommet mitt, har blitt mindre. Samtidig har prioriteringane blitt tøffare, seier Brekke til NRK.no.

Frå 111 millionar til 149 millionar

Sogn og Fjordane politidistrikt sine eigne tal viser tydeleg at dei har fått meir pengar å rutte med. I 2007 var budsjettet på 111 millionar kroner. Fem år seinare, i 2011, var budsjettet oppe i 149 millionar kroner – ein auke på 33 prosent.

På same tid har talet på årsverk stått om lag på staden kvil. Politimeister Johan Brekke har følgjande forklaring.

– Det er betydelege ressursar som er tilført politiet. Samtidig har den generelle løns- og prisveksten vore ganske stor viss ein ser det over ein tiårsperiode.

– Ein har også fått arbeidstidsbestemmingar som gjer det vanskelegare, seier Brekke til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinar Ness

VIL VITE: Steinar Ness vil vite kor det har blitt av pengane politiet har fått tilført dei siste åra.

Foto: Bård Siem / NRK

– Mislukka reformer

Steinar Ness er tidlegare generalsekretær i Senterpartiet og no kandidat til stortingsvallista. Han er kritisk til reformiveren innan politietaten.

Ness viser mellom anna til at talet på politidistrikt vart halvert i 2000 og at politimeisteren no ønskjer å kutte 10 av 23 lensmannskontor i fylket.

Reformer av denne type fører ofte til at situasjonen blir verre, ikkje betre, meiner Ness.

– Målet med omorganiseringa var meir politi i aktiv teneste, meir synleg politi, meir førebygging og eit politi som er til stades lokalt.

– Men dette viser tydeleg at omorganiseringa som er gjort i politiet ikkje har fungert etter hensikta, seier Ness.

Kor er pengane blitt av?

Senterparti-politikaren forstår ikkje kvifor politimeisteren no vil gå vidare med det Ness meiner er ein type omorganisering som har vist seg å vere mislukka.

– Vi har fått masse politifolk som er sivilt tilsette, som sit på kontor. Det alle lurer på er kor alle pengane er blitt av, seier Ness til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Åge Starheim

RYDD OPP: Åge Starheim i Frp meiner Ness og Senterpartiet står i ein posisjon der dei bør rydde opp, og ikkje skulde på andre.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Dei bør rydde opp i staden

Stortingsrepresentant Åge Starheim frå Framstegspartiet likar svært dårleg at Ness kritiserer politiet på denne måten.

Det er den raudgrøne regjeringa, der også Senterpartiet er med, som har hatt det politiske ansvaret for politiet dei siste åra, seier Starheim.

– Viss Senterpartiet ikkje har bidrege til det som er blitt gale, så er dei i iallfall eit av partia som kan gjere noko med det, seier Starheim.

– Dei bør rydde opp og ikkje gå rundt og skulde på andre, seier Frp-politikaren.

– Sp har medansvar

Heller ikkje Bjørn Lødemel, stortingsrepresentant for Høgre, hans sans for utspelet til Ness.

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H)

KRITISK: Høgre-politikar Bjørn Lødemel har ikkje sansen for kritikken frå Ness mot politiet.

Foto: Oddleif Løset/NRK

– Eg meiner Senterpartiet har medansvar for at vi ikkje har fått på bordet dei reiskapane vi treng gjennom resultatreforma for å setje i verk ein gjennomgang av politiet, seier Lødemel.

Han meiner det er ei propp i systemet som ligg hos Justisdepartementet, og viser mellom anna til politimeisteren sitt ønskje om å slå saman lensmannskontora på Leikanger og i Sogndal.

Det har blitt liggjande i Justisdepartementet i to år, og det er framleis ikkje kome noko avgjerd, seier Lødemel.

– Det går for tregt i forhold til å få på plass det faktagrunnlaget vi skal ha for å få eit meir effektivt politi, seier han vidare og legg til at Høgre har føreslått auka løyvingar til politiet.

– Gjer det beste ut av det

Ness står uansett på sitt.

– Politiet har fått meir pengar, men dei er ikkje blitt brukte i samsvar med dei måla som Stortinget hadde for reforma i 2000, seier Ness.

Politimeister Johan Brekke seier dei heile tida jobbar ut frå strame budsjett, men at dei gjer det beste dei kan.

– Vi prøver heile vegen å ha fokus på korleis vi kan få mest mogleg polititenester ut av dei pengane vi har, kvar einaste dag, seier Brekke.