Hopp til innhold

Amalie (14): – Det er like før eg byrjar å gråte!

Dei hardast råka elevane er glade for at dei kan venda tilbake til skulen. Men lærarorganisasjonane kallar det ein mørk dag.

Amalie Bjørkedal-Aksnes og faren Bernt Ola Bjørkedal

ENDELEG SKULE: Amalie Bjørkedal-Aksnes og faren Bernt Ola Bjørkedal er lykkelege over meldinga om at streiken no er avbroten.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Etter 111 dagar er lærarstreiken over. Regjeringa avgjorde tysdag kveld å bruka tvungen lønsnemnd.

– Eg har gledd meg så lenge til å komma på skulen og møta vener. Det er det beste.

Det seier Amalie Bjørkedal-Aksnes (14).

Ho skulle byrja i niande klasse denne hausten, men har ikkje hatt undervisning sidan lærarane hennar på Gimle oppveksttun i Bergen gjekk ut i streik 20. juni.

14-åringen har vore frustrert og irritert over å mista læring. No ser ho fram til å prøva å ta igjen det tapte.

– Det er like før eg byrjar å gråte! seier ho.

Faren Bernt Ola Bjørkedal er like rørt.

– Dette har me venta på. At dei skal få komma tilbake til kvardagen og rutinar.

Lidia Polanska, elevrådsleiar Byåsen i Trondheim

Elevrådsleiar Lidia Polanska på Byåsen videregående skole i Trondheim er letta.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

– Utruleg deilig

Lidia Polanska er elevrådsleiar på Byåsen videregående skole i Trondheim. Der har lærarar streika sidan slutten av august. Også ho er svært glad for at lærarstreiken er over.

Det blir utruleg deilig å komma tilbake til klasserommet. Å få oppfølging og ein plan frå lærarane. Me har blitt hardt ramma av streiken, seier ho.

Ho fortel at motivasjonen hadde byrja å falla.

Det har vore veldig utfordrande vanskeleg å halda trykket sjølv.

Polanska har likevel stor forståing for streiken.

Eg trur det er veldig bra at streiken er avslutta. Men dei fleste elevar forstår veldig godt kvifor lærarane streika. I det siste har mange kjent på kor viktig arbeid lærarane gjer, seier ho,

Lærarane sinte og demotiverte

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) kalla KS og dei tre lærarorganisasjonane inn til møte tysdag klokka 18.45. Dermed var det så godt som sikkert at beskjeden hennar var at regjeringa ville bruka tvungen lønsnemnd for å avslutta streiken.

Ein halv time seinare vart det offentleg stadfesta.

– Eg er spesielt bekymra for elevane si opplæring, utsette barn og unge, og deira psykiske helse. Etter ei samla vurdering har eg derfor føreslått tvungen lønsnemnd, sa Persen på pressekonferansen like etter møtet.

Lærarorganisasjonane kallar det ein mørk dag.

– Skulen tapte og KS vann. Eg fryktar at mange lærarar no er sinte, skuffa og demotiverte. No er streiken stoppa, men konflikten er forsterka, seier leiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet.

Leiar i Norsk Lektorlag Helle Christin Nyhus er einig.

– Eg er både sint og skuffa på vegner av alle lektor-medlemane og den fellesskulen som dei kjempar for. Tvungen lønsnemnd er inga løysing på denne konflikten.

Arbeidsgjevarsida i lærarstreiken, KS, seier dei er glade for at streiken nå blir avslutta.

– Det er svært synd at partane ikkje klarte å bli einige om ei løysing og at det må tvungen lønnsnemnd til. Men me er svært glade for at 150.000 barn og unge som er ramma av streiken no kan komma tilbake på skulen, seier arbeidslivsdirektør Tor Arne Gangsø i KS.

Streikeleiar frå Utdanningsforbundet i Stjørdal, Inger Anne Sundbø seier tillitskrisa mellom KS og lærarorganisasjonane ikkje tar slutt sjølv om streiken er over.

– Det som kjem til å skje no er at lærarkrisa i norsk skule berre vil bli forsterka. Me slit med rekruttering og med å behalda lærarane.

Isabelle Larsen, Porsgrunn

Isabelle Larsen gler seg til å treffa venene igjen. Ho fekk berre tre dagar på ungdomsskulen før streiken sende henne heim.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Har mista 15 prosent av skuleåret

Før lærarstreiken vart avbroten i dag, hadde Utdanningsforbundet varsla eit nytt streikeuttak med 300 lærarar onsdag. Då ville nærare 8.500 lærarar i Noreg ha vore i streik.

Streiken har vart lengst i Bergen, der Skolenes landsforbund tok ut tre lærarar i streik ved Olsvik skole allereie 8. juni. Etter sommarferien har fleire skular over heile landet sakte, men sikkert blitt råka.

Mange elevar har til no mista 30 skuledagar av skuleåret 2022/23:

– Vanskeleg å bli kjend med nye

Men elevane er uansett glade for at streiken er over.

Eg gler meg til å treffa venene mine igjen, seier Isabelle Larsen i Porsgrunn.

Ho fekk berre tre dagar som 8.-klassing på ny skule før streiken starta. I ein klasse på 21 kjenner ho berre tre av medelevane sine frå før. No førebur ho seg på å kome tilbake til skulen.

Det kan jo hende at andre elevar har blitt kjende under streiken. Så da kan det bli vanskelegare å bli kjent med nye folk, seier ho.

Den ferske 8.-klassingen syns det blir ekstra spennande med karakterar for første gong.

Då får eg sjå korleis eg ligg an i faga.

Skular opnar onsdag

Rektor Bjørn Matsson ved Gjøvik videregående skole var blant dei første som tysdag kveld melde om vanleg skule onsdag.

Fleire kommunar melder no om at skulane opnar att onsdag morgon, men folk bør sjekka informasjon på heimesida til sin kommune.

Bodø og Bergen er blant kommunane som melder at det blir skule for elevane frå i morgon, og at lærarane møter etter vanleg timeplan.

Og 14-åringen Amalie har i kveld fått tilsendt timeplanen som viser at skuledagen hennar byrjar i morgon klokka 9.

.

Les også Amalie (14) har ikke hatt skole etter sommerferien: – Ligger og scroller på TikTok

Stine Emilie Olderskjær (t.v.) og Amalie Bjørkedal-Aksnes. Elever på Gimle oppveksttun skole. Lærerstreik.