Hopp til innhold

Ekspertar: Raset i Aurland har ikkje framskunda faren for tsunami over turistbygdene

Det store steinraset som kom ned frå fjellmassivet Stampa i Aurland verken minskar eller aukar faren for ei stor flodbølgje over turistbygdene i Sogn. Sprekkene i fjellmassivet utvidar seg 1 cm i året.

Raset i Flåm

Store fjellmassar rasa i vegen i Aurland, men dei største fjellmassane har endå ikkje rast.

Foto: Aurland kommune

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det såg voldsomt ut då eit stort parti av fjellmassivet Stampa losna over E16 i Aurland tidlegare i juli.

Men raset som vart fanga på video av skredovervakinga var berre forsmaken på kva som kan komme.

Eit steinkast unna lurer Joasetbergi – Noreg sitt største ustabile fjellparti og også ein del av det såkalla Stampa-massivet.

Her ligg 285 millionar kubikk steinmasse framleis att i det ustabilt fjellet. På eit tidspunkt vil eit storskred kunne føre til ei stor flodbølge som treffer fleire tursitbygder i Sogn.

Ifølgje NVE vil bølga kunne bli 4 meter høg når ho skyl inn over turistbygda Flåm, og 2,5 meter når ho treffer kommunesenteret Aurlandsvangen.

Slik såg det ut då det rasa frå Stampa tidlegare i juli.

Uendra sannsyn for å losne

Sjølv om steinmassane som losna over E16 og flodbølgefjellet Joasetbergi er ein del av det same fjellmassivet, heng dei ikkje direkte saman. Dei kan heller ikkje påverke kvarandre, seier ekspertane NRK har snakka med.

Det er derfor verken større eller mindre sannsyn for flodbølge etter skredhendinga tidlegare i sommar.

– Joasetbergi har uendra sannsyn for å losne. Vi vil halde fram å overvake slik som vi har gjort, seier geolog Gustav Pless ved NVE.

NVE har over fleire år kontinuerleg overvaka området som er sogningane sitt svar på Åkraneset i Geiranger, kjent gjennom den fiktive filmen «Bølgen».

Mest sannsynleg vil dei kunne føresjå ei skredhending år eller månadar i førevegen.

Tegnforklaring ustabilt fjellparti Joasetbergi

Det ustabile fjellpartiet Joasetbergi.

Geolog og førsteamanuensis Thomas Scheiber ved Høgskulen på Vestlandet understrekar at ein ikkje må vere bekymra for at Joasetbergi skal rase, sjølv om steinmassar i nærleiken har losna.

– Kvart ustabile objekt lever sitt eige liv. Vi har ikkje sett endringar i hastigheit og rørsle i Joasetbergi då skredet skjedde

Han fortel at steinblokka som raste hadde rørt seg meir enn to meter dei siste åra, mens Joasetbergi flyttar seg jamt rundt éin centimeter i året.

Dersom dette fjellpartiet skulle losne, vil dei sjå auka bevegelsar månadar og år i førevegen.

– Ved slike store objekt vil ikkje ei skredhending skje frå ein dag til ein annan, understrekar geologen.

Raset i Flåm

Dronebilde frå partiet som raste i Flåm.

Raset i Flåm

Dronebilde frå partiet som raste i Flåm.

Raset i Flåm

Dronebilde frå partiet som raste i Flåm.

Raset i Flåm

Slik såg vegen ut etter raset som gjekk.

– Tenker ikkje på det til vanleg

Lokalbefolkninga i bygdene langs Aurlandsfjorden kjenner til flodbølgefaren, men tenker lite på det i kvardagen.

– Eg tenker ikkje på det som vanleg. Det rasar litt her og litt der, seier Ragnhild Hide.

Ho og ektemannen Bernt Harald Hide bur i nærleiken av der det rasa i sommar.

Ekteparet Ragnhild og Bernt Harald Hide

Ekteparet Ragnhild og Bernt Harald Hide bur i nærleiken av der det rasa i sommar.

Foto: Solveig Oddvarsdotter Myren / NRK

Kjell Vidar Merkesdal bur i Aurland. Heller ikkje han tenker over tsunamifaren til kvardags.

– Skulle vi tenkt over det måtte vi halde oss heime heile tida. Du er obs på det, men du kan ikkje gå rundt å tenke på det. Då blir du totalt nervevrak, seier Merkesdal.

I nyare tid har fleire store ras utradert heile bygdesamfunn i Norge. Tafjord-ulykka i Møre og Romsdal kravde 40 menneskeliv i 1934. Til saman 135 menneske omkom i i Lodalen i Stryn der Ramnefjellet tok bygda i til saman tre store ras i åra 1905, 1936 og 1950.

Flåm

Turist- og cruisebygda Flåm kan i verste fall bli ramma av ei fire meter høg flodbølgje dersom NVE sitt verst tenkelege scenario slår til.

Foto: Sondre Dalaker / NRK