Oppvekst i eit katastrofeområde

Loen 1947: To små jenter ser opp på dei trugande fjella kring Lodalen, to gonger har dalen opplevd store ras-katastrofar. Jentene er systrene Marit og Jorunn Sande. Dei er de einaste borna i bygda Bødal,- som før ulukka hadde ein liten folkeskule.

Foto: Skotaam, Th. / NTB scanpix

Fjellet tok bygda

LODALEN (NRK): To små jenter ser utover eit katastrofeområde. Dei bur i ei grend der flodbølgjene har teke livet av 135 menneske.

– Vi forstod vel ikkje heilt kva som hadde hendt her. Foreldra våre meinte vel at dette ikkje er ei historie for små born.

Jorunn Sande Hjelle blar i gulna avissider i ein velfylt perm. Utanfor stoveglaset ligg eit av landets verste katastrofeområder.

To flodbølgjer reiv med seg hus og menneske. Dei som overlevde flytta.

Men ein familie reiste andre vegen, tre born vaks opp som dei einaste borna i Bødal inne i Lodalen i Stryn kommune i Sogn og Fjordane.

Lodalen 15. januar 1905. Ramnefjellet er 1779 meter høgt. Fjellet er av harde lag av kvarts og granitt, men somme stadar inne i berget sprekk det opp av svart hornblende og glimmer. Her kjem vatnet til, vaskar vekk lausmassar og gjer at underlaget for hardt fjell forsvinn. Om vatnet ikkje kjem seg ut blir trykket i fjellet større og større.

Det er like før midnatt når eit 100 meter høgt fjellstykke losnar 500 meter oppe i sida på Ramnefjellet. Fjellpartiet tek med seg steinura nedanfor, og fleire hundre tusen tonn masse vert sopt på vatnet. Flodbølgja blir 40 meter på sitt høgste, deler seg i to og veltar over Bødal på eine sida av vatnet og Ytre Nesdal på den andre sida.

Halvparten av menneska i dei to grendene mistar livet, i alt 61 personar. Av desse 26 born.

Men folket som overlevde flyttar ikkje. Husa vert reist litt høgare oppe, men likevel om lag der dei stod før raset. Det er gode grunnar til å bli. Dei flate bøane inst i Lodalen var svært godt jordbruksland. Innover i dalføra Bøadalen, Nesdalen og Kjenndalen ligg beiteområda frodige oppunder armane til Jostedalsbreen.

Det vart sagt at det var kome så mykje stein i vatnet at skulle det kome eit nytt ras ville ein sleppe ein ny tsunami. Geologane venta heller ikkje fleire ras frå Ramnefjellet.

Lodalen i Stryn

Lodalen i Stryn før det siste raset i 1936. Husa i Bødal vert små der dei ligg på venstre side vendt mot Ramnefjellet på andre sida av vatnet. Husa vart oppbygde etter fyrste raset, men ei grusom skjebne ventar bygdefolket. Delvis bak Ramnefjellet ser ein Nesdal som i dag er fråflytta. Vidare innover ser ein Kjenndalen og Jostedalsbreplatået.

Foto: Ivar Dårflot / Fylkesarkivet

Lodalen, søndag 13. september 1936. Det er halv-fem om morgonen, bygdefolket ligg og søv. Brått losnar eit enormt fjellstykke på ein million kubikkmeter 800 meter oppe i fjellet og styrtar ned i Lovatnet. Bølgja som reiser seg denne gongen er heile 70 meter høg. Ho fossar over grenda Bødal og tek med seg husa. På andre sida av vatnet i Nesdal sopar bølgja med seg husa på tre av bruka. Også nedover Lovatnet mot fjorden tek flodbølgja med seg hus og menneske. I alt 74 personar i dei små bygdene døyr, 30 var born.

Anders Bødal fortel om rasulukka, 75 år etter. Han var den einaste i huset som overlevde. NRK-reporter Øystein Orre Eskeland sin direkterapport frå Stryn, timar etter ulukka.

Historiene er mange og hjarteskjerande. Ei mor reiser til setra for å stenge av for vinteren. Ho har dårleg tid, det er så mykje som skal gjerast. Dei tre små borna som så gjerne vil vere med får ikkje lov, og blir att på garden ved Lovatnet. Medan mora er på setra kjem raset. Den svarte søndagen går bror hennar til fjells med den ufattelege beskjeden om at borna hennar er døde.

"Kvifor skulle dette skje på ny? Kvifor skulle det råke oss? Kvifor skulle skuldlause born med alle gode voner for framtida, bli lemlesta, såra og drepne?"

Rasmus Nesdal / "Lodalen, fager og fårleg".
Lodalen 1936

Katastofeområde. Slik såg det ut i Bødal rett etter raset i 1936.

Foto: Ukjent! / SCANPIX

I løpet av 31 år har Ramnefjell teke livet av 135 menneske. Folk gir opp. Området blir tømt for attlevande.

Etter den siste ulukka i 1936 møtte Kronprins Olav i den største felles gravferda saman med 4500 andre.

Gravferd etter rasulukka i Lodalen i 1936

Frå gravferda etter Lodalsulykka i 1936. Biletet er teke i gravferda til dei 20, kanskje 21 personane som dei fann med ein gong etter ulykka i Lodalen søndag 13. september 1936. Nokon meiner at det var 20 kister, andre meiner det var 21. Gravferda vart halde onsdag 16. september 1936 i Loen kyrkje. Her går dei forbi huset til Olav Alvheim, Loen. Kronprins Olav tok del i gravferda. 4500 personar var med, men berre dei aller nærmaste fekk koma inn i kyrkja saman med prinsen og dei 9 prestane.

Foto: Kåre Andreassen Tonning / Fylkesarkivet SF

Nesdal vert fråflytta for alltid. Til Bødal vender nokre sporadisk tilbake, og enkelte slår seg til for ei stund. Men berre ein familie slår seg til fast, på loftet i den kommunale fellesbustaden bygd av vrakgods etter bølgja finn dei husly.

For året etter ulukka bestemmer Knut og Dorthea Sande seg for å busetje seg i den raserte grenda, rydde den øydelagde jorda for enorme mengder stein og røter.

I 1986, 50 år etter den siste rasulukka, laga NRK ein dokumentar om katastrofen som kravde 74 menneskeliv i Lodalen.

NRK Sogn og Fjordane-dokumentar om Lodalsulukkene frå 1986. Der fortel kvinna som vart berga fem år gamal om hendinga.

Knut Sande var sjølv med på redningsarbeidet etter ulukka. Systra og nær heile familien hennar døde i ulukka, og det er denne garden familien overtek.

"Knut Sande og Østen Flo var dei første frå Loen som kom til Bødal den dagen. Søstera til Knut var gift med Bent Skarstein. Den første dei fann var Synnøve, ei av døtrene til Bent i første ekteskap. Ho levde og dei reiv av seg kleda og breidde over henne, men ho døydde straks etter. Så fann han systerdottera si Anna på 5 år. Ho låg inne i ei slåmaskin og det låg ein hegg over. Knut bar henne ut til ysteriet, og han såg livsteikn då ho blunka med augene, så sprang dei ut att, men dei fann ikkje fleire i live."

Sigurd Nesdal / Lodalen - Fager og fårleg

Gamle avisoppslag ligg i plastmapper og permar på stovebordet til Jorunn Sande Hjelle og ektemannen Magne, det har blitt mange avissider opp gjennom åra.

Ho minnest godt alle turistane og tilreisande som ville prate med foreldra. Men katastrofen var ikkje tema i heimen.

– Mor og far snakka aldri om ulukkene med oss. Dei ville vel ikkje skremme oss, fortel ho.

Leikar i Bødalen

Jorunn Sande Hjelle sit øvst i trappa, storesystera Marit til høgre.

Foto: Skotaam, Th. / NTB scanpix

Familien flyttar inn i eit kommunalt hus i Bødal i 1937. Huset er provisorisk, bygd av vrakgods til dei som måtta ha trong for tak over hovudet. Det var ikkje kjellar, ikkje isolert, og om vinternettene var det kuldegrader inne.

Lodalen, hausten 1947. Nysnøen trenger seg ned i fjella kring Lovatnet. Det er haust. Marit og Jorunn sit på trappa, veslebroren Sverre er nyleg komen til verda. Ute på bøane går tre menn og bryt jorda, tek vekk store steinar og røter. 40-talet hadde nokre av dei hardaste vintrane i førre hundreår. Ein ny vinter er i vente, og det skal igjen bli minusgrader om natta for familien.

– Eg hugsar berre eit og anna småglytt frå tida i det gamle tømmerhuset. Det bles veldig mykje, det var kaldt, det kan eg hugse, seier Sverre Sande.

– Eg hugsa at når det bles skikkeleg så måtte vi henge ullteppe framfor vindauga for å halde varmen inne. Huset var sett på steinpilarar, og når det var storm og kastevind så gynga det. I 1948 sette ein på barduner på for å vere sikre på at vinden ikkje reiste med huset, fortel Jorunn Sande Hjelle.

Jordrydding i Lodalen

Loen 1947 Litt over 10 år etter ulukka. Bønder ryddar jordbruksland. Stubbar og store steinar vert fjerna ved hjelp av tau og talje.

Foto: Skotaam, Th. / SCANPIX

– Det er klart foreldra våre hadde vilje til å stå på. Til å byrje med var det berre nokre gamle utfjøsar ein hadde buskap i. Det var eit veldig arbeid å få ting til, seier Sverre.

Fjøsen vart bygd fyrst, den sikra inntekter som igjen skaffa pengar til hus. Men Ramnefjellet hadde ikkje gjort seg ferdig.

Bødal, 22. juni 1950. Ein sprekk som har stått att sidan 1936 i Ramnefjellet veks seg større og større. Nede i Bødal er Dorthea og Knut Sande i ferd med å reise det nye huset. Endeleg skal dei ut av den slitne tømmerstova. Men Ramnefjell har vore uroleg i fleire dagar. Eldstedottera Marit går og spring og leikar nede på vegen; " i dag kjeme fjellet, i dag kjeme fjellet" seier ho til turistane som kjem forbi. Brått losnar fjellsida med eit uhyggeleg brak. Igjen kjem mellom ein halv og ein million kubikkmeter med stein ned mot vatnet.

Kanskje er det denne dagen borna skjønar kor sterkt rasulukka sit i dei vaksne. Det nye huset er plassert på tryggaste staden der flodbølgjene aldri rakk opp. Men foreldra som jobbar med å legge takheller vert redde. Vesle Sverre Sande minnast at dei tok med seg borna og spring oppetter bakkane.

– Eg hugsar dei vart litt hysteriske. Og så hugsar eg den veldige røyken.

Jorunn Sande Hjelle såg det heile som i sakte film.

Magne Hjelle og Jorunn Sande Hjelle

Jorunn Sande Hjelle og ektemannen Magne. Etter å ha budd vekke i 25 år flytta dei inn til Jorunn sin barndomsdal.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det losna heilt på toppen, og vi såg jorda og trea som seig nedover fjellet. Så kom alt fram på ein fjellnabb og stupte nedover. Foreldra mine vart veldig redde. Flodbølgja har aldri kome så langt som opp hit, men likevel var det som om skrekken kom, minnet om 1936 og reaksjonar på det.

Også denne gongen slår bølgjene 35–50 meter innover land. Men sjøen nedanfor rasstaden er no så oppfylt av steinmassar frå Ramnefjell at raset ikkje er i stand til å øydelegge like mykje som sist.

I 1950 står huset ferdig, fjøsen er bygd, og dyra står på bås. Men slitet skulle syne seg å ikkje vere over. Lenger nede i dalen har bygdene fått elektrisk kraft, men folket i Bødal må framleis leve på gamlemåten.

Ramnefjell i Lodalen

Ramnefjell: Brotstaden for raset er godt synleg. Fjellet er 1779 meter høgt.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Oslo, Stortinget 1960. Knut Sande har reist til Oslo i rein frustrasjon. Kommunen og kraftverket har i fleire år stogga framføringa av straum fleire kilometer unna. Ny driftsbygning og nytt hus står klart, men elektrisitet vil altså ikkje storsamfunnet føre fram. "Det er berre eit tidsspørsmål før det blir avfolka i Lodalen" var beskjeden dei fekk av kommunen. I Oslo, i foajeen på Stortinget møter han motstandarane sine, "Sei oss ein ting, kva gjer du her i dag? spør dei. "Ja, eg må vel seie det same" svarar han, og går opp på galleriet.

– Far og mor hadde eit venepar i Oslo, og han var igjen ven med Gerhardsen. Så han formidla og gav beskjed når saka skulle opp. Det var viktig å følgje med for det var ikkje sannferdig alt som hadde blitt sagt om straum til Bødal. Nei, det har vore mykje tøft, seier Jorunn ettertenksamt.

Straumen kom til Bødal i 1961, endeleg hadde den vesle huslyden i den hardt prøva grenda fått det dei hadde venta på.

Sverre Sande har budd i Bødal heile livet. og tok over garden etter far og mor si. Kona Perdis kom frå Sunnmøre, og har budd her i 49 år. Systra Marit bur i dag på Austlandet.

Faksmilie Bergens Tidende

GODE DAGAR i 1976: Knut Sande sit på traktoren, ved sidan av kona Dorthea. Sonen Sverre står saman med kona Perdis og dottera Dagrun.

Foto: Gunnar Nygjerd / Faksimilie BT

Jorunn Sande Hjelle flytta frå Bødal som ung. Ho og mannen Magne budde i nabokommunen Gloppen i 25 år, og dreiv kafé og pensjonat på Byrkjelo. Men tilbake til Bødal måtte dei. Valet stod mellom eit tilvære i Oslo-området nær born og barneborn, eller å bu i Lodalen.

Dyrka mark i Bødal

Resultatet av slitet: Desse flatene rydda Knut Sande og familien i åra etter raset. Gardsdrifta er no nedlagt, men jorda blir halden i hevd av bønder lenger nede i Lodalen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg kan ikkje bu betre. Sentralt nok med 15 minuttar til butikken i Loen. Her blir eg buande, seier Jorunn.

Spørsmålet om det er trygt har dei fått tallause gonger av turistar og tilreisande.

– Vi ser absolutt ikkje Bødal som utrygt. Sundet under rasstaden er oppfylt. Kjem det meir ras no så blir det stein på stein og ikkje nokon bølgje ut av det, seier dei to syskena.

Bødal 8. februar 2016. Sverre Sande har litt dårleg tid. Han har ansvaret for skuleruta til Bødal. Det er ein jobb for lokalkjende. For den 15 kilometer lange og smale vegen langs Lovatnet er rasutsett. Men Sverre Sande veit når det er rasfare, og kor dei utrygge stadane er. For lasta i bussen er viktig, og gledeleg. Borna i bygda skal heim frå skulen. Åtte born held til i bygda i dag, tre av dei er eigne barneborn, som bur på same garden. Dottera busette seg i 2007 saman med mann og borna i huset besteforeldra bygde. Rett nedanfor tunet på nabogarden står det eit heilt nytt hus. Ein familie med fire born har nyleg flytta til. Utover året skal endå ein familie med fem born flytte inn i Lodalen, tre kilometer lenger nede.

– Det er utruleg gledeleg. Eg tenkte på det då eg byrja å bli litt eldre at vi kom til å bli den siste generasjonen som budde her, og no berre aukar det på. Det er berre heilt fantastisk fint, seier Sverre Sande med eit stort smil.

Sverre Sande

Sverre Sande har budd i Bødal heile sitt liv. No har han også fått det ekstra travelt, som sjåfør på skulebussen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Kanskje har dei som busette seg i Bødal vore framfor si tid?

– Han må nok til med større buss, broren min, ler Jorunn Sande Hjelle.

Det er ikkje Ramnefjellet som uroar lokalbefolkninga i dag. Men dei nær 2000 meter høge fjellsidene gøymer andre farar. Om vinteren kan snøen samle seg i skred som losnar oppe i fjellsida og dundrar ned mot den smale fylkesvegen langs Lovatnet. Vegane kan vere stengde i fleire dagar hardaste snøvintrane.

– Slik som i desember og januar om morgonane i mørket så er det ikkje så veldig kjekt. Ein lyt berre vere obs, og så er Vegvesenet blitt flinkare å vurdere faren og stenge vegen. Vi burde absolutt hatt eit rasoverbygg, seier Sverre.

Framtidstru i Lodalen

FRAMTIDSTRU: I skuggen av Ramnefjell har Charlotte Beinnes Aldeholm (32) bygd seg hus saman med mannen Tom-Erik og fire born. Dottera Mailèn (2) på armen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Charlotte Beinnes Aldeholm kunne ikkje tenkt seg å bu ein annan stad. Det er ho og mannen som har bygd seg nytt hus. Til liks med dei andre i stor avstand frå Lovatnet.

– Eg har alltid likt meg her oppe. Då vi fekk den unike moglegheita til å ta over måtte vi berre slå til. Vi har ein stor draum om å få til drift på garden etter kvart. Bygge opp igjen og ta vare på kulturlandskapet.

Trass i at ho er oppvaksen utanfor dalen, har Bødal og Ramnefjellet vore ein del av oppveksten.

– Bestemor mi overlevde ulukka. Eg har alltid høyrt om den, fått fortalt historier og slikt. Men vi veit sundet er fylt att, så eg har aldri sett på Ramnefjellet som ein grunn til å ikkje flytte hit.

Somme tider kan innbyggjarane framleis høyre bulder og ras frå Ramnefjellet. Av ein eller annan grunn verkar det som det oftast skjer mørkaste kvelden og natta.

Nesdal

Det smale sundet under Ramnefjellet er fylt opp med stein.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Er Ramnefjellet verkeleg trygt? Kan nye ras treffe vatnet andre stadar enn det som i dag er oppfylt, og kva då med Lodalen, og bygda Loen som ligg langs elva ned mot fjorden?

Sjefgeolog Lars Harald Blikra i NVE følgjer med på fleire utsette fjellparti i Norge, mellom anna Åkneset og Mannen. Han meiner lokalbefolkninga har rett.

– Innsjøen er fylt opp med masse no så eit eventuelt ras vil ikkje skape nokon stor flodbølgje. Vi har vore oppe og sett på Ramnefjell frå helikopter, der er ingen teikn på sprekkar. Vi er ikkje uroa.

NVE har gjort fjella kring Lovatnet til ein del av eit kartleggingsprosjekt på nasjonalt nivå. Det er gjort helikoptersynfaringar for å undersøke sjansen for nye rasstadar.

Nesodden i Lodalen

Vraket av turistbåten 'Lodalen' vart kasta innover land, fyrst i 1905, deretter i 1936. Båten ligg rustraud til høgre i biletet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi har sjekka ut ein del, men det er ikkje spesielle objekt no som vi treng å følgje opp.

Blikra meiner det er positivt at det 80 år gamle katastrofeområdet vaknar til liv igjen

– Det er den konkrete rasfaren ein må vurdere. Om det då ikkje er noko som tilseier nokon fare, så er det jo bra at ein får liv i bygdene igjen, og at folk buset seg. Det er fint og bra at folk buset seg i område dei oppfattar som trygge.

Nesdal i Lodalen

Flyfota av nabobygda Nesdal etter raset i 1936. Grenda er framleis fråflytta, men er nytta av somme til fritidsbustadar.

Foto: Kåre Andreassen Tonning / Fylkesarkivet

52 meter høgare enn Lovatnet ligg vraket av ein gamal turistbåt som eit rustent minnesmerke. Raset i 1905 skubba båten 300 meter inn på land. Raset i 1936 løfta det ytterlegare 150 meter innover.

Litt lenger oppe, rett ovanfor rasstaden, står det ei minnetavle med namna til dei som aldri blei funne og som fann si grav i vatnet. Under har dei som reiste tavla tydd til eit bibelvers:

"Um fjelli vik og haugarne sviktar, so skal ikkje nåden min vika frå deg, og mi fredspakt skal ikkje svikta segjer Herren som miskunnar deg."

Kjelder: Jorunn Sande Hjelle, Sverre Sande, Magne Hjelle, Perdis Sande, Håkon Loen, "Lodalen – fager og farleg" av Sigurd Nesdal, fylkesleksikon for Sogn og Fjordane, NRK og Allkunne. Scanpix, Bergens Tidende, Aftenposten.

Minnetavle Lodalen

Minnetavla i Lodalen. Tavla er til minne om alle dei som bølgja tok, og som ein aldri klarte å finne att. Svært mange pårørande fekk aldri ei grav å gå til.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK