Hopp til innhold

Går til kamp mot hat på nettet

– Kvar enkelt av oss kan vere med å overvinne netthat, seier firebarnsmor Anne-Mette Hjelle frå Førde.

Anne-Mette Hjelle

BLIR MED PÅ DUGNAD: Anne-Mette Hjelle i Førde har gått saman med nesten 60 andre i kampen mot netthat.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Sjikane, diskriminering, trakassering, hatefulle ytringar og mobbing. Det er blitt ein del av kvardagen i sosiale medium. – No er grensa nådd, meiner «Dugnad mot netthat».

Målet er å finne ut kva som kan gjerast for å få slutt på trakassering og hatefulle ytringar på nett.

– Lett å bli litt apatiske

Anne-Mette Hjelle er ei av dei som no har engasjert seg i dugnaden der vanlege folk, organisasjonar og selskap har gått saman.

Då ho i sommar las ein artikkel i Aftenposten om at overlevande etter Utøya fekk truslar og sjikane på nett, kjende ho på eit sinne.

Like etter såg ho at ein Facebook-venn skreiv at nok var nok når det gjaldt netthets.

– Preben Carlsen i Folk Oslo skreiv at han var opprørt og at noko måtte gjerast. Det skumlaste utover det at desse ungdommane ikkje får fred etter så mange år, er at vi kanskje blir litt apatiske. Vi les dette og tenkjer at dette er fælt, men vi blir litt handlingslamma.

I politiet sin innbyggjarundersøking i fjor svarte 81 prosent av dei som hadde blitt utsett for nettrakassering, at dei ikkje politimelde saka. Dei vanlegaste årsakene er at ofra ikkje trur politiet har kapasitet eller kompetanse til å løyse problemet, eller at dei meiner saka var for lita, ifølge undersøkinga.

No vil «Dugnad mot netthat» bidra til å stoppe mobbinga på nett. Tysdag denne veka var nesten 60 personar med på det første møtet.

– Vi som er med på dugnaden er veldig glad i nettet, for det er veldig mykje positivt som kunnskapsdeling og demokratisering. Men det har vakse fram noko usunt som forsøplar nettet.

Oppmodar om å vise støtte

Hjelle seier dei har delt seg inn i rekkje grupper som skal jobbe framover. Ho oppmodar folk om å ta ein prat med naboar, familie og venner som kanskje oppfører seg ufint på nettet.

– Det kan vere at dei opptrer på ein måte der som du ikkje kjenner att i verkelegheita. Då kan det vere lurt å ta ein prat med dei.

Hjelle meiner vi alle kan bidra i kampen mot nettmobbing og sjikane.

– Det er ikkje alltid vi klarer å gjere noko med nettrolla, men vi kan støtte dei som blir utsette for dei. Eg kvir meg sjølv for å skrive i enkelte kommentarfelt, for då får du ein horde etter deg. Det kan difor vere lurt å alliere seg med nokon på førehand og som også kan hjelpe til.