Hopp til innhold

Fyllingsgraden i norske vassmagasin er nede i 34 prosent

Ved utgangen av veke 10 var fyllingsgraden i norske magasin 34,2 prosent. Samstundes får norske kommunar rekordinntekter frå konsesjonskraft.

Zakariasdammen

ZAKARIASDAMMEN: Biletet er tatt under ein tidlegare nedtapping. I dag er vasstanden høgare.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det siste halvåret har fyllingsgraden sør for Sognefjorden vore blant dei lågaste som Noregs vassdrags- og energidirektoratet (NVE) har observert dei siste 20 åra.

I januar skrev NRK at vassmagasina er «halvtomme». No viser tal frå NVE at fyllingsgraden er nede i 34,2 prosent, ned 2,6 prosenteiningar frå veka i førevegen.

Det er vesentleg lågare enn det som er normalt for denne årstida, seier Tor Reier Lilleholt, som er kraftanalytikar i Volue.

Vanleg verdi på denne tida av året er 44,0 prosent.

«Vanleg verdi» er i dette tilfelle definert som medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt i perioden 2002–2021.

Vi nærmar oss minimumsnivåa

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 50,9 prosent, medan Aust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 18,9 prosent.

Tilsiget til vassmagasina vil vere normalt dei nærmaste dagane. Totalt vil dette betre den hydrologiske situasjonen noko, seier Marius Holm Rennesund, som er kraftanalytikar i Thema.

Det norske kraftnettet

DET NORSKE KRAFTNETTET: I januar skrev NRK at vassmagasina er «halvtomme». No viser tal frå NVE at fyllingsgrada er nede i 34,2 prosent.

Grafikk: Oljedirektoratet

Dagleg leiar i Kraftfylka, Niklas Kalvø Tessem, seier fyllingsgraden er låg, men minner om at han enno er «eit stykke unna rekordbotnen på 22,7 prosent».

Likevel gjer lite nedbør at vi nærmar oss minimumsnivåa. Vi kan derfor forvente framleis høge kraftprisar i sør, seier han.

Meir vind i veke 10 bidrog til fleire timar med import på dei omstridde kraftkablane mellom Noreg og kontinentet, og ein nedgang i nettoeksporten frå det sørlege Noreg samanlikna med veka før.

Trass meir vindkraft og import, auka vekeprisen i sørlege Noreg med 24 prosent. På det høgaste var timeprisen 650 øre/kWh.

Vi står i ei kraftpriskrise

Knut Lockert er dagleg leiar i Distriktsenergi, ein landsdekkande interesseorganisasjon for norske kraftselskap.

Tala viser at vi ikkje står i ei kraftkrise som såleis, men i ei kraftpriskrise. Vi har hatt lågare magasinfylling tidlegare utan at vi har vore i nærleiken av dei prisane vi ser i år.

I alt vart 1,4 TWh med ny vasskraftproduksjon sett i drift i Noreg i 2021. Det svarar til forbruket til 70.000 bustader, og er det høgste nivået på bygging av vasskraft sidan 1990, då energimarknaden vart liberalisert.

I kombinasjon med straumprisane gjev det rekordinntekter frå konsesjonskraft.

Førebelse rekneskapstal for kommunane og fylka i 2021 viser ei samla inntekt frå konsesjonskraft og kraftretter på over 3,3 milliardar kroner. Det er ny rekord, skriv nettavisa Europower.

Aldri før har kommunesektoren hatt så store inntekter frå konsesjonskrafta.

Over ein tredjedel av inntektene (1,2 milliardar kroner) gjekk til Vestland fylkeskommune og kommunane i fylket.

Inntekter fra konsesjonskraft i 2021

NY REKORD: Tal frå SSB viser at konsesjonsinntektene i 2021 er 700 millionar kroner høgare enn i 2019, som hittil har vore rekordåret.

Foto: SSB