Hopp til innhold

Dei norske vassmagasina er halvtomme

Fyllingsgrada i norske vassmagasin går ned trass regnvêret. Ved utgangen av veke 3 var fyllingsgraden berre 50,2 prosent.

Zakariasdammen

HALVFULLT ELLER HALVTOMT: Fyllingsgraden pleier å vere over 60 prosent på denne tida av året. Biletet av Zakariasvatn er tatt under ein tidlegare nedtapping. I dag er vasstanden vesentleg høgare.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ei «tropisk regnskur» og «ei atmosfærisk elv» har skylja over landet denne månaden, og fleire stader har meldt om nedbørsrekord.

Likevel gjekk magasinfyllinga ned med 1,6 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2002–2021 er 62,8 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 64,9 prosent, medan Aust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 42,8 prosent.

I haust var fyllingsgraden sør for Sognefjorden blant dei lågaste som Noregs vassdrags- og energidirektoratet (NVE) har observert dei siste 20 åra.

Det norske kraftnettet

I ALT FEM: Noregs fem ulike prisområde for straum.

Grafikk: Oljedirektoratet

Vi ligg godt an med tanke på ein forsyningskrise, men det er nok ei mager trøyst når straumprisane i deler av landet er skyhøge. Det er vanskeleg å spå om framtida, men det er ingen grunn til å tro at det blir betre priser i marknaden med det første, seier kraftanalytikar Anders Lie Brenna.

Marius Holm Rennesund er kraftanalytikar i Thema.

Vi ser at endringa er ujamt fordelt. I Nord- og Midt-Norge har godt med nedbør gjort at magasinnivåa er nesten uendra, medan dei søkk i Sør-Noreg, seier han (heile svaret i faktaboks).

Ny rekord i straumprisforskjell

Tysdag var spotprisen 157 øre/kWh i sør (NO1, NO2 og NO5) og litt over 14 øre i nord (NO3 og NO4).

Altså nesten 11 gonger så dyrt i sør.

Distriktsenergi sendt nyleg forslag til departementet om å opprette eit utval for å granske kva som kan redusere prisforskjellane i Noreg.

Hovudårsaka er kapasitetsutfordringar mellom nord og sør. Statnett har det overordna ansvaret for å koordinere drifta av det norske kraftsystemet.

Vi konstaterer at dei i større grad enn tidlegare er på tilbodssida med omsyn til å sjå på tiltak, seier Knut Lockert som er dagleg leiar i Distriktsenergi.

Overvåking ved Skarsfossdammen

SKARSFOSSDAMMEN: Distriktsenergi sendt nyleg forslag til departementet om å opprette eit utval som skal granske kva som kan redusere prisforskjellane i Noreg.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Fint å ha sterkare nord/sør-samband

Tysdag skrev bransjeavisa Europower Energi at Statnett «revurderer haldninga» om at det ikkje er samfunnsmessig rasjonelt å investere for å redusere prisforskjellane mellom nord og sør.

– Det hadde vore veldig fint å ha sterkare nord/sør-samband akkurat nå, seier konserndirektør Gunnar G. Løvås til avisa.

Eit av tiltaka er å bygge ei kraftlinje over Sognefjorden. Statnett leverte konsesjonssøknad i 2019, men denne har ennå ikkje fått endeleg godkjenning.

I mellomtida har fleire i bransjen stussa over at straumen flyt nordover på Vestlandet sjølv om prisbildet skulle tilseie det motsette. Forklaringa er forsyningslinjene på den svenske sida av grensa. Sverige har åtte 420 kV-samband som går nord-sør.

Roskreppfjorden

ROSKREPPFJORDEN: Når prisen i det lokale prisområdet skil seg mykje frå den såkalla systemprisen, kan det i periodar føre til at selskap må betale for å levere straum.

Foto: Siv Kristin Sællmann / NRK

Fleire kraftselskap har tapt på å selje straum

Kraftselskap prøver gjerne å sikre noko av kraftsalet sitt fram i tid. Slike prissikringskontraktar fungerer som veddemål. «Når prisen i det lokale prisområdet skil seg mykje frå den såkalla systemprisen, kan det i periodar føre til at selskap må betale for å levere straum», skriver E24.

Det er eit av paradoksa frå eit halvår i straumprisens teikn: Fleire kraftselskap har tapt på å selje straum sjølv om det i snitt berre kostar 12 øre å lage éin Kwh.

For totalproduksjonen i desember hadde vi negative driftsinntekter, seier Halvard Fjeldvær i Svorka energi.

Det same seier Johannes Rauboti, konsernsjef i SFE.

Det er allereie inngåtte kontraktar som påverkar oss negativt.

Alf Vee Midtun er administrerande direktør i Rauma energi.

Det er til tider negative driftsinntekter, seier han.