– Det er veldig mykje rust på rekkverket, seier åtte år gamle Agnes Hansen Folkestad.
Ni år gamle Linnea Yndestad Bekken nikkar og peikar på endå meir rust og eit hol i rekkverket.
– Det er skummelt, seier ho.
Vi er på vegbrua Steinen på fylkesveg 610 i Sande i Sunnfjord.
I ein fersk rapport frå Vegdirektoratet går det fram at den 62 år gamle brua har skadar som har «alvorleg konsekvens» for trafikktryggleiken.
FALSK TRYGGLEIK: Det er mykje rust på vegbrua Steien på fylkesveg 610 i Sande i Sunnfjord.
Foto: Bård Siem / NRK– Barn kan falle i elva
Utan vedlikehald står spilene på sjølve rekkverket i fare for å lausne.
– Då kan barn i verste fall falle i elva, seier Rune Kvammen.
Han er rektor ved Sande skule som ligg berre eit steinkast frå bua. Mange av skuleborna går dagleg over brua til og frå skulen.
Kvammen fryktar at rekkverket vil bryte saman dersom det blir treft av ein bil.
– Vi har ingen å miste. Rekkverket bør skiftast ut omgåande, seier han.
KREV NYTT REKKVERK: Rune Kvammen, rektor ved Sande skule, ber om at det blir sett opp nytt rekkverk på brua.
Foto: Bård Siem / NRKBrua gjennom Sande ei av 342 norske riks- og fylkesvegbruer som har skader med «alvorleg konsekvens» for trafikktryggleiken.
I tillegg har om lag 5300 riks- og fylkesvegbruer skader som har «vesentleg konsekvens» for trafikktryggleiken. Rusta opp og skada rekkverk er hovudårsaka. Det er vel 17.000 bruer på riks- og fylkesvegnettet i landet.
Tala blir fortløpande endra, anten fordi nye skader blir oppdaga eller gamle skader blir reparerte.
– Veldig fortvilande
Berre i Vestland er vedlikehaldsetterslepet på bruene 3,5 milliardar kroner. Jannicke Bergesen Clarke er leiar i samferdsleutvalet i Vestland:
– Vi veit at dette er ei kjempeutfordring og at det mange stader er prekært behov for utbetringar.
– Kvifor er det ikkje rydda opp i?
– Dette er eit forfall som er opparbeidd over lang tid og vi må ha større løyvingar, seier Clarke.
MEIR MIDLAR: Det må setjast av meir pengar til å halde ved like bruene, meiner Jannicke Bergesen Clarke (Ap). Ho er leiar i hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland.
Foto: Synne Lykkebø Hafsaas– Eg er skaka
Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) er blant partia som har tatt til orde for å setje av meir til vedlikehald, og mindre til nye store vegprosjekt.
– Det er skakande å høyre om det dårlege rekkverket på brua i Sande. Vi kan ikkje ha det slik at barn kan dette i elva fordi rekkverk på bruer ikkje fungerer, seier nestleiar Arild Hermstad i MDG.
Han meiner vi brukar samferdselsmidlane på feil måte.
– Dessverre blir mesteparten av midlane brukt til å bygge firefelts motorvegar i staden for å ta vare på bruene og rassikre vegane våre, seier han.
Hermestad meiner mellom anna ny E18 gjennom Bærum og ferjefri E39 på Vestlandet bør skrinleggast.
SKADE: Den 74 meter lange brua på Nedre Kalbakkvei i Oslo har alvorlege skadar. Det er fare for nedfall av betong til underliggande veg, heiter det i fersk rapport.
Foto: VegdirektoratetAvviser at bruene er farleg å køyre på
Morten Wright Hansen i Vegdirektoratet fortel at dei 17.000 riks- og fylkesvegbruene i landet har stor spreiing i alder, og tilstanden på bruene er eit resultat av naturleg nedbryting og påkjenning. Enkelte av bruene er meir enn 100 år gamle.
– I kva grad er bruene med «alvorleg» og «vesentleg konsekvens» for trafikktryggleiken farlege å køyre på?
– Det er vanskeleg å fjerne all risiko i samband med vegtrafikk, men det er ikkje noko som tyder på at bruer utgjer ein større risiko enn resten av vegnettet, seier han.
Det er brueigar som har ansvar for å inspisere bruene, men Vegdirektoratet har forma ut regelverket og dermed gitt føringane.