– Det kjennest ikkje bra at skadane på brua trugar bereevna, seier Ann-Irene Myrheim.
Håret flagrar i vestavinden ute på Oldersundbrua. Ho ser bort på dei to 14 år gamle sønene sine som er avhengige av brua kvar dag for å kome seg til skule og fritidsaktivitetar. Sjølv er ho avhengig av brua for å kome seg på jobb.
Myrheim etterlyser langt større beløp til samferdsle utanfor sentrale strok.
– Det er prekært behov for utbetring av bruer, vegar og tunnelar over heile landet, seier Myrheim.
Ho får støtte av ordføraren i kommunen, Anne Kristin Førde (Ap).
– Vi kan ikkje ha det slik at bruene våre forvitrar, seier ordføraren og peikar mot både rust og sprekker på Oldersundbrua. Brua er ein del av fylkesveg 616, er 336 meter lang og 46 år gamal.
Ein liten kilometer lenger sør ligg den 48 år gamle Hamrøy bru, som også har stort behov for vedlikehald. Begge bruene har skader som ifølgje Vegdirektoratet sitt regelverk har «vesentleg konsekvens» for bereevna.
AVHENGIG AV BRUA: Oldersundbrua har skader på beresystemet og må utbetrast for 50 millionar kroner. Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde (Ap) fortel at lokalsamfunnet er heilt avhengig av brua.
Foto: Bård Siem / NRKSterkt prega av slitasje og nedbryting
Per i dag har 1016 bruer skader som har «vesentleg konsekvens» for bæreevna. På ytterlegare 51 bruer er skadane så alvorleg at dei har «stor konsekvens» for bæreevna.
Om lag 350 bruer også alvorlege skader på rekkverket, noko som kan gå ut over trafikktryggleiken. Tala blir fortløpande endra, anten fordi nye skader blir oppdaga eller gamle skader blir reparerte.
Morten Wright Hansen i Vegdirektoratet fortel at bruene med dei mest alvorlege skadane har stor spreiing i alder, og at tilstanden er eit resultat av naturleg nedbryting og påkjenning. Enkelte av bruene er over 100 år.
– I kva grad er desse bruene farleg å køyre på?
– Etter vår vurdering er dei ikkje farleg å køyre på med den klassifiseringa vi har gitt. Vegdirektoratet vil aldri akseptere trafikk på ei bru dersom vi meiner at bæreevna ikkje er god nok, seier han.
Det er brueigar, hovudsakleg staten og fylkeskommunane, som har ansvaret for å inspisere dei 17.000 bruene i Noreg. Så brukar Vegdirektoratet dette i si vurdering av bereevna. Wright Hansen forventar at eigarane av bruene prioriterer tiltak raskt, slik at risikoen blir minimert
Bruene med skader som har stor konsekvens for bereevna blir lista opp lengst nede i artikkelen.
«Kablane i generelt dårleg stand»
15 mil lenger sør i Vestland fylke ligg den sterkt trafikkerte Alversund bru. Skadane på hengebrua har «vesentleg konsekvens» for bereevna. Det går fram at kablane er i «generelt dårleg stand» med «mykje korrosjon». Den eine søyla på brua er «sterkt korrodert mot fotplate» og «søyletverrsnittet er redusert». Brua er i så dårleg forfatning at planen er å bygge ei ny bru til 360 millionar kroner. Når det vil skje er uvisst.
MÅ UTBETRAST: Alverstraumen bru frå 1958 er i dårleg forfatning. Omfattande utbetring må til om ikkje brua må stengjast nokre år fram i tid. Over 6000 køyretøy brukar brua kvar dag.
Foto: Vestland fylkeskommuneVil prioritere annleis
Leiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Erling Sande (Sp), meiner det er alvorleg at manglande vedlikehald går utover bereevna på bruene.
– Det handlar om å prioritere, og vi må prioritere vedlikehald av bruene i Noreg. Så enkelt er det, seier han.
Sande meiner ein må vere villig til å skalere ned dimensjoneringa på nokre av dei største veg -og jarnbaneprosjekta i landet for å frigjere midlar til vedlikehald av fylkesvegar, bruer, tunnelar og rassikring.
VIL OMPRIORITERE: Leiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Erling Sande (Sp) vil ta pengar frå store veg- og baneprosjekt i sentrale strok for å få meir pengar til vedlikehald av bruer, fylkesvegar og rassikring.
Foto: Bård Siem / NRK– Uroar oss dagleg
Vestland fylke har åleine over 2000 bruer. På mange av bruene er tilstanden «kritisk med tanke på å sikre framkome og bereevne», ifølgje ein fersk presentasjon frå fylkeskommunen. Forfallet på bruene utgjer 3,5 milliardar kroner.
– Vi har eit stort etterslep på vedlikehald av bruer, noko som uroar oss i det daglege, seier Dina Lefdal, avdelingsdirektør for infrastruktur og veg i Vestland.
Ho fortel at ein vanlegvis ikkje ser forfallet frå bilen, men at det påverkar både bereevne og trafikktryggleik.
– Dersom vi ikkje får gjort utbetringar må vi setje ned aksellasta. Går det langt nok så må vi stenge bruene, seier ho.
MYKJE RUST: Berebjelkane på Alverstraumen bru har byrja å ruste opp.
Foto: Vestland fylkeskommune