Hopp til innhold

Fylkesleiar skeptisk til Venstre i regjering

Medan fylkesleiaren er uroa, vil Sveinung Rotevatn «gje damene ein sjanse».

Gunhild Berge Stang med Venstre-logo

SKEPTISK: Fylkesleiar Gunhild Berge Stang i Sogn og Fjordane seier Venstre har hatt slitasje allereie. Ho er uroa for korleis det blir om dei går i regjering.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg ser det er gode argument for å stå utanfor, men det er også viktige argument for å gå inn, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre Gunhild Berge Stang.

Venstre er splitta i synet på kor vidt dei skal gå i regjering med Høgre og Framstegspartiet.

NRK har snakka med ei rekkje tillitsvalde i Sogn og Fjordane. Nokre er skeptiske. Andre er forsiktige optimistar.

– Eg er blant dei som er meir skeptisk. Ikkje minst fordi vi har hatt fire år med slitasje som posisjonsparti. Eg er nok litt uroa, seier Stang.

– Kvifor er du skeptisk?

– Fordi avstanden til Frp er stor. Vi har ein medlemsmasse som identifiserer seg i sentrum av norsk politikk. Og det er ei uro for Venstre si framtid som sentrumsparti.

Rotevatn: – Gje damene ein sjanse

Sentralstyremedlem og tidlegare stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn er blant dei meir positive. Han leia møtet i landsstyret der eit fleirtal på to tredelar sa dei vil starte forhandlingar med regjeringspartia.

Han ønskjer at partileiarane Siv Jensen (Frp), Erna Solberg (H) og Trine Skei Grande (V) skal få prøve få til noko.

– Eg har forståing for at mange i Venstre blir usikre når partiet no skal gjere noko nytt. Eg ønskjer å gje dei tre damene ein sjanse til å styre landet på ein god måte. Det håpar eg dei aller, aller fleste i Venstre er med meg på.

Ingen utmeldingar i Sogn og Fjordane

landsplan har det kome om lag 60 utmeldingar etter helga. Samtidig har det kome 20 innmeldingar. Ingen av dei kring 400 medlemmane i Sogn og Fjordane har meldt seg ut så langt, ifølgje Berge Stang.

– Men det kan kome. Det er vanskeleg for meg å spå om, seier ho.

– Du har tidlegare sagt til Klassekampen at Sylvi Listhaug bør ut av regjering, viss de skal inn?

– Innvandringspolitikken har vore krevjande for Venstre. Men det viktigaste for meg er at Venstre får gjennomslag for ein human, men streng asylpolitikk. Då får persongalleriet vere ei sak for seg.

Ho understrekar at ho vil sjå resultatet av forhandlingane før ein feller endeleg dom over å gå i regjering.

– Eg har tillit til at partileiinga stiller høge krav i forhandlingane. Viss dei tilrår oss å gå inn i regjering, så er det for å få ein grøn, liberal og raus politikk.