SItuasjonen var så ille at politiet måtte reise opp for å hjelpe til med å få i gang avvikling av trafikken.
– Vi har fått fleire meldingar om at det er store trafikkproblem på E39 sørover frå Førde. Der skal det stå både store og små køyretøy som fører til at trafikken delvis står heilt i ro, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Einar Vereide.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Politiet stoppar no alle vogntog som er på veg frå Førde og skal oppover mot Halbrendslia.
OPPDATERT: Klokka 13:30 var køen i ferd med å løyse seg opp, og alle køyretøy, også vogntog, får lov å køyre opp Halbrendslia.
(Artikkelen held fram under biletet)
Sperrar trafikken
Han fortel at køyretøy ligg delvis i grøfta og sperrar for trafikken.
– Eg forstår det slik, men vi har ikkje heilt oversikt, men eg har inntrykk av at det her dreier seg om problem grunna dårleg skodde bilar. Vår oppfordring er at dei som har sommardekk og som ikkje absolutt må ut, må ikkje bevege seg der det er vinterføre. Det vert det berre kaos ut av, seier Vereide.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Brøytebilen kjem ikkje fram
Både NRK og politiet har vore i kontakt med Førde Bilberging, som opplyser at det er fullstendig kaos og at dei har jobba på spreng i heile dag for å dra opp bilar.
– Der har det i dag vore lang kø for å få hjelp, så det er situasjonen på vegane i dag. Det er snø heilt ned til fjæra ute med kysten også, seier Vereide.
Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal fortel at brøytebilen kom seg ned frå Halbrendslia mot Førde, men at den ikkje kjem seg opp att før bergingsbilane har fått fastkøyrde bilar på plass igjen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Oppdrag heile dagen
For Førde bilberging har det vore ein svært hektisk dag, og den er framleis travel sjølv om E39 er opna att.
– I dag er det skikkeleg griseføre og det tek tid å forflytte seg i trafikken. Store og små køyretøy har køyrd av vegen. På veg til kvart oppdrag møter vi nye oppdrag, seier dagleg leiar Arild Tistel.
Då NRK snakka med han like etter klokka 14.00 var han på Fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde der han hadde drege opp ein buss som var hamna i grøfta. Deretter skulle dei vidare til ein semitrailer som også hadde køyrd utfor vegen.
– Her er det om lag fem centimeter med slapseføre. Brøytemannskapet gjer ein god jobb, men det lavar godt ned, så det er ikkje så lett å halde unna, seier Tistel.
Han meiner det er direkte livsfarleg å køyre på vegane med sommardekk i dag.