Hopp til innhold

Skal du køyre E39 Førde-Bergen ber Vegvesenet deg ha vinterdekk

Skal du køyre E39 mellom Førde og Bergen i dag, ber Vegtrafikksentralen deg om å køyre med vinterdekk.

Romarheimsdalen

VANSKELEG FØRE: Romarheimsdalen er ein utsett plass når vêret slår om. For få dagar sidan skapte snøfallet reint kaos på strekninga.

Foto: webkamera / Statens vegvesen

– Ved Kringla og i Romarheimsdalen er det full vinter, og i Hordaland er det generelt mykje trafikk-kaos på grunn av snøen, så eg vil ikkje tilrå nokon å køyre til Bergen herifrå utan å ha vinterdekk, seier vakthavande ved Vegmeldingssentralen i Lærdal, Arne Stadheim.

Gårsdagens snøfall skapte mykje krøll for trafikken i Sogn og Fjordane. Sjølv om det har lava ned jamnt og trutt også i dag, kan det verke som om køyretilhøva jamnt over ikkje er så verst.

Men på fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde har det vore store problem i morgontimane. Mellom anna sklei skuleruta mellom Askvoll og Førde av vegen ved Kvammen. Ingen vart skadde, men ruta vart over ein time forseinka fordi ein måtte leggje på kjettingar.

I Bergens-området opplever ein no store problem også i sjølve sentrum grunna det tunge snøfallet.

Ikkje ta sjansar

Stadheim legg til at dagen i dag verkar noko spesiell.

– Som oftast forsvinn snøen i 11-12-tida på føremiddagen, men i dag ser det ikkje slik ut. Eg snakka med ein av dei som har ansvar for vegane i Fjaler, og han meinte at sjølv i fjøresteinane kom det til å liggje snø lenge utover dagen. Her må ein berre ta forholdsreglar, seier Stadheim.

På E39 mellom Førde og Sande skal det vere salta, men det snøar tett, så dette er ei falsk forsikring dersom ein køyrer på sommardekk.

– Det er sleipt og glatt mange stadar, seier Stadheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vestredalen

HEILT KVITT: På fylkesveg 50 Hol-Aurland er det innført kolonne grunna uvêr.

Foto: Vestredalen / Statens vegvesen

Kolonne på Hol-Aurland

I 10-tida vart det på svært kort varsel innført kolonnekøyring på fylkesveg 50 Hol-Aurland.

– Dette kom veldig fort på. Både vinden og nedbøren kjem til å halde fram truleg heilt til kvelden, så her er det liten sjanse for betring, seier Stadheim.

Også fylkesveg 55 over Sognefjellet er stengt grunna uvêr.

Førebels er dei andre fjellovergangane i Sogn og Fjordane opne, men Stadheim utelukkar ikkje at det kan verte kolonne og, eller stenging i løpet av kort tid.

– Vi følgjer situasjonen fortløpande, seier Stadheim.