Hopp til innhold

Slik var morgonkvisten i Sogn og Fjordane 2. mai 2013

Nattas snøfall har skapt reine julestemninga fleire stadar. Sjå korleis snøen har prega fylket frå nord til sør.

Ein av dei som fekk ein tidleg start på dagen var brøytesjåfør Svein Aasgard. Han og kona har ansvar for å brøyte fylkesveg 93 mellom Vadheim og Guddalen i Høyanger og Fjaler kommunar, og her har det komme snø nesten kvar einaste morgon denne veka.

– Eg har halde på sidan klokka 5 i dag tidleg, men vi har hatt nok å gjere heile veka, seier Svein Aasgard.

– Her er det berre å ta tida til hjelp, det er ikkje noko anna å gjere.

Åge Østerbø

Likevel understrekar han at det ikkje er heilt uvanleg med snø i mai.

– Eg sjekka i loggen og der såg eg at vi har vore ute og brøytt 11. mai eit år også. Men då var det berre å ta det unna i eit sveip, ikkje slik som no der det er snø i dagevis. Dette må kunne kallast litt spesielt, seier Aasgard.

Han stoppa brøytetraktoren på Helldalsheia i morgontimane, og der målte han 12 centimeter.

– Framleis har eg nokre timar med arbeid framfor meg, seier Aasgard.

Køyrer gjennom fylket frå sør til nord

Åge Østerbø starta tidleg torsdag frå Østerbø i Bjordal i Høyanger kommune. Teknikaren frå Østerbø Maskin skal til Ålesund på jobb. På vegen har han omtrent hatt alle årstider.

– Det var overraskande. På Vassenden i Jølster var det reint vinterføre, seier Østerbø.

Han fortel at vegane var relativt snøfrie nede med Sognefjorden, men etter kvart som han nærma seg Sande i Gaular, auka snømengda og dermed kjensla av vinterføre.

– Eg har halde på sidan klokka 5 i dag tidleg, men vi har hatt nok å gjere heile veka.

Svein Aasgard

– I S-svingane før Sande sentrum snigla vi oss av garde. Der var det mykje snø i vegen, seier Østerbø.
Han rosar likevel brøytemannskapa som har vore på vegane i morgontimane.

– Dei har gjort så godt dei har hatt moglegheit for å ta unna det som kom, seier Østerbø.

Sko deg for føret

Han fortel at då han køyrde E39 Halbrendslia ned mot Førde, stod det ein trailer der som hadde problem.

– Han hadde nok nettopp komme då eg kom køyrande, men elles flaut trafikken fint, seier Østerbø.

Men også han held fram oppmodinga som både politi og Vegtrafikksentralen har komme med i morgontimane, sko deg for føret.

– Det er ikkje noko å leggje ut på utan piggdekk, eller iallfall vinterdekk, seier Østerbø, som sjølv har både firehjulstrekk og piggdekk.

Han skal heile vegen til Ålesund og har framleis ein del køyring framfor seg før han er framme.

– Her er det berre å ta tida til hjelp, det er ikkje noko anna å gjere.