Hopp til innhold

Ber flypassasjerar ta bussen eller leggje om

Lufthamnsjef Gunnar Solbakken ved Sogndal lufthamn Haukåsen ber folk som skal ut å fly, anten leggje om til vinterdekk, eller ta flybussen. Sjølv våga han seg ikkje ut med sommardekk, og tok heimekontor i dag.

Haukåsen og Solbakken

TENK TRYGGLEIK: Lufthamnsjef ved Sogndal lufthamn Haukåsen, Gunnar Solbakken, ber folk ikkje ta unødvendige sjansar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland/webkamera / NRK

– Vinteren har ikkje heilt sleppt taket, og på Haukåsen ligg det godt med snø. Mi oppmoding er at dei som skal reise med fly i dag, nyttar flybussen, eller har bil som er godt skodd for vinterføre, seier Solbakken.

Sogndal lufthamn ligg på vel 500 meter over havet, og har difor fått ein god del snø i natt og i morgontimane. Køyretilhøva på vegen opp til flyplassen var særs krevjande i dag tidleg, og mange kom seg rett og slett ikkje av flekken.

– I dag tidleg var det problem, men no er forholda betre. Likevel oppmodar vi folk om å nytte flybuss, eller vêr sikker på at du er godt nok skodd, seier Solbakken.

Er betring i sikte

Han understrekar at dette også er viktig å tenkje på for dei som kjem att til Haukåsen i dag, kanskje etter å ha vore vekk nokre dagar.

– Einskilde kan nok få seg ei overrasking, men det er betring i sikte. Og flybussen går og korresponderer med alle avgangar. Ta heller bussen enn å ta sjansar, seier Solbakken.

Valde å halde seg heime

Sjølv valde Solbakken å jobbe heimefrå i dag, sidan han hadde moglegheita. Å køyre med sommardekk frå Sogndal til Haukåsen var ikkje noko han vurderte ein gong.

– Som mange andre har eg allereie lagt om til sommardekk. Då eg ringde opp for å sjekke forholda, forstod eg at det var mange bilar som stod fast og hadde problem med å komme seg opp dei siste bakkane til flyplassen. Då valde eg å ha heimekontor sidan eg har moglegheit til det, seier Solbakken.

Han har vore lufthamnsjef i fire år, og kan ikkje hugse å ha opplevd liknande situasjonar så seint på våren så lenge han har jobba der.

– Ikkje i mai månad, nei. Då har vi stort sett hatt bra tilhøve. Så mykje snø som dette er spesielt. Men denne våren har vore spesiell. Det er som om vinteren ikkje heilt vil sleppe taket, seier Solbakken.