Hopp til innhold

Fleire fjellovergangar er stengde grunna uvêr

Fleire av fjellovergangane inn og ut av Sogn og Fjordane er stengde grunna uvêr.

Vestredalen

UVÊR: Fylkesveg 50 Hol-Aurland er stengd grunna uvêr. Her ved Vestredalen i retning Hol.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt på grunn av uvêr. Denne fjellovergangen vart stengd allereie onsdag etter at det hadde vore kolonnekøyring på strekninga ein kort periode.

Også fylkesveg 50 Hol-Aurland er stengd grunna uvêr. Det same er fylkesveg 55 over Sognefjellet. Her vert det ikkje opna i dag.

Skikkeleg vinter i høgda

Mange fekk ein vinterleg start på den andre dagen i mai, også i låglandet. Snøen har lava ned over fylket i heile natt, noko som har gitt vanskelege køyretilhøve fleire stadar.

På E16 Filefjell er det meldt om vekslande snødekke og bart, laber bris og lette snøbyger.

På riksveg 15 Strynefjellet er det vekslande snødekke og snøslaps, fare for glatte parti i tunnelmunningane.

Riksveg 52 Hemsedalsfjellet har vekslande bart, snø- og isdekke, stadvis redusert sikt, liten kuling og snøbyger.

På fylkesveg 60 Utvikfjellet er det snødekke.