Hopp til innhold

Ja, det kan bli snø i morgon også

Fleire reiv seg i håret då dei kika ut glaset og oppdaga snø torsdag morgon. Og skal ein tru meteorologen kan det bli ein reprise på dette i morgon.

Snø på Helldalsheia i mai 2013

REPRISE: Torsdag vakna mange til kvite vegar, og det kan bli ei reprise på dette allereie fredag morgon. Biletet er frå Helldaslehia mellom Guddalen og Vadheim.

Foto: NRK-tipsar

Fleire stader i Sogn og Fjordane vakna folk til lyden av brøytebilen i dag. Kanskje ikkje akkurat den lyden ein hadde lengta etter når kalenderen viser 2. mai. Uansett, med tjukke snøfiller dalane frå himmelen vart det krevjande føreforhold for mange, og Vegvesenet mana folk til å halde seg heime om dei hadde sommardekk.

Og om du trudde, og håpa, at dette var det siste vi såg til snøen for denne gong. Vel, så tok du feil. Statsmeteorolog Kristin Seter seier vi allereie torsdag kveld må bu oss på meir.

– Det vil halde fram å kome byer over Sogn og Fjordane utover kvelden, og til natta blir det kaldare og då kan det også bli snø, seier ho.

Ingen dag for sommardekk

Utover dagen i dag har både sola og dagtemperaturar, i godt samarbeid med brøytebilar, gjort til at snøen har forsvunne frå vegane. Men til natta kan den igjen legge seg.

– Kan det ligge eit nytt snølag i morgon tidleg?

– Ja, det kan det, er beskjeden frå meteorologen.

Med andre ord er heller ikkje fredagen dagen for bruk av sommardekk i områda der snøen legg seg på vegane. Seter seier det ligg eit område med kald luft over heile Sør-Norge, og at det akkurat no er i Sogn og Fjordane det er kaldast.

– Det er vanskeleg å setje ei snøgrense, men i natt kan det kome snø heilt ned i fjæresteinane, seier meteorologen.

Ber folk vere forsiktige

På Vegtrafikksentralen i Lærdal har det blitt mange telefonar i løpet av dagen, men like over klokka 16 har ting roa seg fortel vakthavande Ketil Molvær. Men framleis set vêret sitt preg.

På riksveg 13 over Vikafjellet er det opna for kolonnekøyring etter uvêr, og det vil bli opna for fri ferdsle når vegen er brøytt skikkeleg.

I tillegg vil fylkesveg 60 i Hornindal bli stengd i periodar. Her ligg eit vogntog på sida akkurat på fylkesgrensa, men det skal ikkje vere snakk om personskade.

Med meldingar om nedbør som snø heilt ned i fjæresteinane i natt og i morgontimane fredag ber Molvær folk som skal ut i trafikken om å vise varsemd.

– Folk bør vere obs og ta det med ro i morgontimane, er oppmodinga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Snøbyer i Slåttebakkane i Førde om ettermiddagen 2. mai 2013

STORE: Snøfillene var både store og våte då dei torsdag ettermiddag dala ned i Slåttebakkane i Førde.

Foto: Rune Fossum / NRK

Men fatt mot...

No kan ein alltids diskutere kor vanleg eller uvanleg det er med snø i mai, men meteorologen veit at det har kome snø seinare enn dette.

For mange er det uansett langt frå snø og kvite vegar ein har ønskje om i mai, og for dei har Kristin Seter ein litt hyggjelegare beskjed.

– Temperaturen skal stige utover fredagen, så dette blir vonleg det siste vi har sett til snø på ei stund, seier ho.

Og på søndag kan det bli temperaturar på over ti grader.