Hopp til innhold

Full forvirring om evakuering

Fylkesmannen ber Justisdepartementet avklare kven som har ansvaret for å evakuere innbyggjarar i rasfarlege område.

Skred i Fjærland

ANSVAR: Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand har bede Justisdepartementet avgjere kven som har ansvaret for å evakuere innbyggjarar i rasfarlege område.

Foto: Hans Haugen

Fleire episodar har avdekt at det er uklart kven som har ansvaret for å vurdere rasfare, flaumfare og behov for å evakuere bebuarar.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand fryktar forvirringa kan føre til farlege situasjonar.

– Den verste situasjonen vi kan tenkje oss er ein slags «flasketuten peiker på»: At ingen føler det er deira ansvar og tek avgjerd. Så risikerer vi at dei rette tinga ikkje blir gjort, området blir ikkje sperra av, og folk blir ikkje oppmoda om å flytte, seier han.

Vart aktualisert

Haavard Stensvand

VIL HA SVAR: Haavard Stensvand.

Foto: Melinda Gaal

Stensvand seier at det stadig dukkar opp situasjonar der det er forvirring. Orkanen «Dagmar» i romjula sette spørsmålet på nytt på dagsorden.

Ras stengde og øydela fleire vegar i fylket. Fleire familiar vart evakuerte.

– Vi har hatt saka frå Årdalstangen, ei sak i Fjærland i fjor vinter og ei sak i Vik der det oppstår diskusjon om det er politiet eller kommunen sitt ansvar, seier Stensvand.

Mykje uvisse

Etter uveret har kritikken blitt retta mot fleire aktørar . Både leverandørar av telefontenester og straum, men også mot naudetatar og kommunar.

Men det er ikkje berre i samband med storm og orkan at familiar kan måtte evakuerast. Familien Tone og Inge Berge i Fjærland vart seinast evakuert for halvanna veke sidan . Sidan har dei krangla med kommunen om dei vart oppmoda eller pålagde evakuering .

– Når kommunen ringer og seier at NVE har vore på plassen og at dei rår oss til å flytte ut, så ser eg det som ein beskjed om at vi skal gjere det. I alle fall når dei ringer laurdag og seier at vi må bu vekke i minst eit døgn til, seier Berge.

Ventar rask avgjerd

Ras ved Ålhus - familiar vart evakuerte

RAS: Dette raset gjekk ved Ålhus i Jølster i romjula. Familiar vart evakuerte.

Foto: Oddleif Løset (MMS-foto)

– Det er ikkje noko kjekt at det er forvirring kring det, seier fylkesleiar i KS, og tidlegare ordførar i Gaular, Jenny Følling.

– Då kan det med ein gong oppstå både uklarheit når ein står midt i situasjonen, men og diskusjon om ein er tvangsflytta eller flytta med vilje og om kven som skal ta kostnaden slik at det er grobotn for konfliktar og farlege situasjonar, legg ho til.

Følling ventar ei rask avklaring frå Justisdepartementet på kven det er som har ansvaret.

– Ikkje kommunen

Tone Berge

SKRED: Familien Berge i Fjærland fekk i fjor vinter eit kjempeskred nesten heilt inn på tunet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Også fylkesberedskapssjef Stensvand ynskjer rask avgjerd for å unngå farlege situasjonar i framtida.

– Vi treng å vite kven som har ansvaret før det går eit skred, ikkje berre etterpå, slik vi har i dag, seier han og meiner at kommunane ikkje bør ha eit slikt ansvar.

– Å tvinge folk ut av husa sine, å gjennomføre ei evakuering med makt, er ikkje ei oppgåve som bør høyre til kommunane. Det er slik innretta i samfunnet at politiet skal ha monopol på det å utøve makt mot innbyggjarane i fredstid, seier han.