Kommunane innover Sognefjorden fekk aldri varsel om at ekstremvêret «Dagmar» var på veg, skriv bt.no.
– I ettertid skulle eg gjerne sett at vi hadde sendt varsel om ekstremvêr til alle kommunane i fylket, seier beredskapssjef Haavard Stendvand i Sogn og Fjordane til avisa.
Burde ha varsla fleire
Også Vêrvarslinga for Vestlandet har konkludert med at dei burde ha varsla eit større område om uvêret som var på veg.
– Varselet burde nok vore sendt for heile fylket, med ein kommentar om at det blei verst i Nordfjord, heiter det i eit brev som Vêrvarslinga har sendt til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Skal hjelpe kommunane ved krise
Det er fylkesmennene som har ansvar for å samordne den sivile beredskapen, og innunder dette ligg hjelp til kommunane i krisesituasjonar.
Då stormvarselet kom frå Vêrvarslinga, valde fylkesmannen å varsle alle kystkommunane, Førde, Gaular og Naustdal i Sunnfjord, samt Eid kommuen I Nordfjord.
På første juledag alarmerte fylkesmannen ytterlegare fire kommunar, Hornindal, Gloppen og Stryn i Nordfjord, og Jølster i Sunnfjord.