Hopp til innhold

Sjå alle bileta av herjingane

Vi har samla i alt 227 bilete som er teke av uvêret og alt det resulterte i.

Slik herja uvêret med campingplassen i Loen

I Loen vart fleire campingvogner knuste til pinneved av vinden.

Foto: Ole Anton Brekke

Dei som skal syte for at folk får straumen att har hatt litt av kvart å hanske med. Sjå bileta som Anders Molland i Luster Energiverk har teke:

Skog på kraftlinjer i Luster

Sjå skadane i Kvalheimsvika i Vågsøy, der nausta er bygde for å tole verkeleg hard vind:

Orkanskade i Kvalheimsvika

Fleire store ras stengde vegen til Flo ved Oppstrynsvatnet:

Fleire store ras stengde vegen til bygda Flo

Huset til Berit Myren vart rasert av vindkasta:

Enorme skader på hus i Lodalen

Arnafjorden i Vik er ei av mange bygder som vart isolerte av ras:

Ras sperrar vegen til Arnafjorden i Vik

På Berge i Høyanger var det flaks at eit bustadhus ikkje vart teke av eit kjemperas:

Fekk ras kloss ved husveggen

Om kvelden andre juledag opna slusene seg over oss. Sjå bileta frå Førde, der delar av sentrum stod under vatn:

Ekstreme mengder vatn i Førde sentrum

I indre Nordfjord tok vinden godt om kvelden første juledag. Mellom anna vart mange campingvogner øydelagde i Loen:

Store skader i indre Nordfjord

Andre juledag vakna folk på Nordfjordeid opp til eit nesten uverkeleg syn. "Dagmar" hadde sytt for at det låg båtar, rekved og tonnevis med tang heilt opp til Eidsgata. I Kjølsdalen vart eit bustadhus under oppføring og eit uthustak teke av vinden:

Nordfjordeid sentrum såg ut som ei slagmark

I Florø var fotograf Truls Kleiven ute med apparatet sitt då det bles på det verste om kvelden første juledag:

Store øydeleggingar i Florø

Her finn du foto frå fleire stader i fylket der vinden gjorde skade:

Slik ser det ut etter herjingane til Dagmar

Bona Safir ved kai i Gamle Askvoll sentrum

Lastebåten 'Bona Safir' låg til kai i Askvoll då det bles som verst.

Foto: Steinar Bauge