Hopp til innhold

Evakuerer familie i Fjærland

Ein familie blir evakuert på grunn av skredfare i Fjærland.

Inge og Tone Berge.

UTRYGGE: Inge og Tone Berge har venta på beskjeden om at dei må evakuere.

Foto: Oddleif Løset / NRK

På grunn av mildver og mykje nedbør dei siste dagane, har Sogndal kommune spurt NVE til råds. Rådmann Jostein Aanestad seier rådet er at familien på fire må evakuere.

– Etter synfaringar kom dei fram til at ein bustaden Skreda måtte evakuerast. NVE meiner huset bør evakuerast det neste døgnet, seier Aanestad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skreda i Fjærland

SKREDA I DAG: Slik ser det ut i Fjærland fredag føremiddag. Det er stor skredfare etter mykje nedbør og mildver.

Foto: Steinar Lote / NRK

Følgjer situasjonen

Han seier det skal bli gjort ei ny vurdering i morgon.

– Vi har ei særskild merksemd mot dette huset etter at eit stort skred kom like ved huset i fjor vinter.

Det var i april i fjor at eit stort skred stoppa berre få meter får huset til Inge og Tone Berge i Fjærland. Det store skredet kom ein stad som blir heiter Skrea, midt mellom Mundal sentrum og bremuseet i Fjærland i Sogndal kommune.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skred i Fjærland

SÅ NÆR: Skredet stoppa berre få meter frå huset i april i fjor.

Foto: Hans Haugen

Kona og ungane hadde allereie reist

I dag har familien fått beskjed om at dei ikkje kan bu heime det neste døgnet. Men familien hadde allereie teke sine førehandsreglar. For Inge Berge kom ikkje evakueringa som noko overrasking. Kona og dei to ungane allereie har reist vekk.

– Vi har venta på ein slik beskjed heile veka. Difor reiste kona og ungane til Hafslo allereie måndag. Eg snakka med lensmannskontoret både måndag, onsdag og torsdag fordi vi har utrygge. Politiet skulle ta kontakt med kommunen for å høyre kva som burde gjerast, seier han.

Skredet friskt i minne

Og i dag kom altså beskjeden som familien har venta på. Inge Berge reknar med å overnatte hos foreldra sine i Fjærland.

– Vi har ikkje fått nokon plan over kvar vi skal flytte. Eg reknar med at vi ordnar det sjølv, slik vi har gjort før.

– Korleis er det å leve med rasfaren?

– Det har ikkje vore problem før det store raset kom i fjor. Det har vi enno friskt i minne.

Ungane spør etter rasvollen

Familien har ønska seg ein rasvoll til 1,5 millionar kroner, men denne har det endå ikkje blitt noko av.

– Når ikkje rasvollen har kome på plass, å tykkjer eg at beredskapsplanen burde vore diskutert med oss, seier han.

– Korleis er det for ungane å bu vekke på grunn av rasfare?

– Minstemann lurer på kor tid dei skal komme og grave ein rasvoll. Då er eg dønn ærleg og seier han må reise til Sogndal og spørje kommunen om det.

Skred i Fjærland

STORT SKRED: Skredet i fjor var om lag 400 meter breitt.

Foto: Steinar Lote / NRK