Hopp til innhold

Varslar full oppvask etter uvêret

Fylkesmann Anne Karin Hamre vil ha full evaluering av beredskapen etter uvêret i jula.

Anne Karin Hamre

SKAL EVALUERE: Fylkesmann Anne Karin Hamre førebur full gjennomgang av konsekvensane etter uvêret i julehelga.

Foto: Anne Gro Fredheim

– Det er ein skremmande situasjon, der mange menneske er isolerte frå omverda. Om det då skjer ei ulykke, har dei ikkje moglegheit til å varsle fordi dei ikkje har telefonkontakt, seier Anne Karin Hamre.

– Her er det mange spørsmål som er relevante å stille. Vi må ha ei brei evaluering av alt som har skjedd. Eg meiner backupen er altfor dårleg, seier fylkesmannen.

Inviterer Stoltenberg til evaluering

Dagmar sine herjingar har sett kraftige spor etter seg i heile Sogn og Fjordane, og no ønskjer fylkesmann Anne Karin Hamre å ta ein skikkeleg gjennomgang av beredskapen i fylket.

Fredag er kommunane og ulike etatar inviterte til eit dialogmøte på Skei, der dei skal ta for seg konsekvensane av uvêret.

– Vi har også invitert sentrale styresmakter som Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Helsedirektoratet og Justisdepartementet – og vi har sendt invitasjon til Statsministeren. Dette er ein god arena for å få fram kva forbetringar vi treng i høve beredskapen, seier Hamre til NRK.no.

Vil løfte til nasjonalt nivå

Hamre er oppteken av at langvarige straumbrot og bortfall av telefonsamband ikkje er tilfredsstillande i 2011.

– Vi får meldingar om at telelinjer og fiberkablar er for dårleg sikra mot ekstremvêr. Det er grunn til å stille seg spørsmål om kva konsesjonskrav teleselskapa har når det gjeld beredskap. Mykje av dette er spørsmål som må opp på nasjonal nivå, meiner ho.

– Kva er det viktigaste du vil ta opp med Statsministeren?

– Eg har mange spørsmål som vedkjem det nasjonale nivået, særleg med tanke på tryggleik på straum- og telenettet, seier Hamre.

Ho legg til:

– Eg synest det er det viktig at det skjer noko raskt.

Er imponert over folk i fylket

Statsminister Jens Stoltenberg gav folk på Vestlandet mykje skryt i talen sin til folket første nyttårsdag. Også fylkesmannen er imponert over uvêrsråka vestlendingar.

– Det var ein svært trasig situasjon for veldig mange. Og mange har stått på i jula. Eg er imponert over kor kreative og praktisk orienterte folk har vore. Det syner at folk i fylket har vore ute ein vinterdag før, seier Hamre.

– Vi er nøydde til å evaluere, lære og gjere forbetringar etter uvêret. Vi kan få meir ekstremvêr, så vi må vere førebudde – og det er ikkje sikkert at gammal kunnskap held mål i dag, seier fylkesmannen.