Hopp til innhold

Følte seg tvinga til å flytte - men det var berre eit råd seier kommunen

Familien Berge opplevde at kommunen påla dei å evakuere på grunn av rasfare. Det stemmer ikkje, svarar kommunen og seier familien berre fekk eit råd.

Inge og Tone Berge.

KRITISKE: Inge Berge, her saman med kona Tone Berge, er kritisk til kommunikasjonen med kommunen etter at dei flytta frå huset sitt i Fjærland før helga.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mildvêr og mykje nedbør gjorde før helga til at familien på fire i Fjærland vart evakuert frå huset sitt i området Skreda. Gjennom helga har familien venta på å få klarsignal på å få flytte heim, men det har aldri kome.

No er Inge Berge kritisk til kommunikasjonen med kommunen. Kommuneleiinga seier dei berre gav familien eit råd om å flytte, og at det var opp til familien om dei ville følgje dei. Berge på si side seier dei oppfatta dette rådet som eit pålegg om å evakuere.

– Dei må no meine noko med ei slik tilråding. Dei tok med seg NVE og det må vere for at vi ikkje skal bu der, seier Berge til NRK.no.

– Dei bør evakuere

Huset til familien var i april i fjor berre meter frå å bli teke av eit stort skred. Skredet stogga berre meter frå husveggen og sette ein skikkeleg støkk i dei fire som bur i huset. I etterkant har dei kome med krav om ein rasvoll til 1,5 millionar kroner, men denne har det til no ikkje blitt noko av.

Etter ei veke prega av stor skredfare toppa situasjonen seg for familien på fredag. Sogndal kommune hadde spurt Norges vassdrags- og energidirektorat om råd og etter synfaringar meinte dei at kommunen ikkje burde bu der.

– Etter synfaringar kom NVE fram til at bustaden Skreda måtte evakuerast. NVE meiner huset bør evakuerast det neste døgnet, sa rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad, til NRK.no fredag.

Då denne beskjeden kom hadde Tone Berge og dei to borna i familien allereie budd heime sidan måndag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skred i Fjærland

NÆRE: Skredet som i fjor var nære ved å treffe huset var om lag 400 meter breitt.

Foto: Hans Haugen

Har venta på klarsignal om å få flytte heim

Sidan fredag har familiefar Inge Berge venta på klarsignal frå kommunen om å få flytte heim igjen. Han forstår ikkje kvifor kommunen ikkje har teke kontakt i løpet av helga. Men rådmannen forklarar dette med at dei aldri har pålagt familien å flytte.

Aanested seier familien kan flytte heim når dei vil fordi kommunen berre gir råd i slike saker. Eit eventuelt pålegg om evakuering er det politiet som avgjer, seier rådmannen.

– Det rådet byggjer også på faglege vurderingar frå NVE si side. Vi gav eit råd på fredag og på laurdag føremiddag om at det ikkje var tilrådeleg å bu fast på denne bustaden, seier Aanestad til NRK.no.

Oppfatta det som pålegg

Men familien frå Fjærland oppfatta altså dette rådet frå kommunen som eit pålegg.

– Når kommunen ringer og seier at NVE har vore på plassen og at dei rår oss til å flytte ut, så ser eg det som ein beskjed om at vi skal gjere det. I alle fall når dei ringer laurdag og seier at vi må bu vekke i minst eit døgn til, seier Berge.

Aanestad i Sogndal kommune meiner på si side at dei har vore tydelege på kva dei har høve til å gjere.

– Men når familien oppfattar dette som ei evakuering, ser du at de kan gjere dette annleis ved eit anna høve og vere meir klar på kva dette er? At dette berre er eit råd?

– Ja, i den grad at det har blitt misforstått, så må vi vere klarare. Men vi har nok vore rimeleg tydelege på at vi ikkje har anna mynde enn å gje råd. Ei formell evakuering som politiet gir er noko folk må følgje, seier han.