Utset å fikse tronge vegar på grunn av jernbane-sprekk

Timevis med trafikkork sommarstid, og ambulanse og politi som ikkje kjem fram. Samstundes pøsar regjeringa ut pengar på jernbanebygging.

Helge Andre Njåstad og Silje Hjemdal (Frp) - Riksveg 13 i Hardanger

MISNØGDE: Helge André Njåstad og Silje Hjemdal frå Frp måler opp breidda på riksveg 13.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Det er særs skuffande at dei ikkje har funne midlar til riksveg 13 i indre Hordaland, seier Anders Vatle, ordførar i Eidfjord kommune.

I eit samferdselsbudsjett på 80 milliardar kroner for 2021, foreslår regjeringa å kutte vegbudsjettet med 1,1 prosent samanlikna med 2020, mens jernbanebudsjettet aukar med 19,1 prosent til 32,1 milliardar kroner.

«Eit stramt budsjett», kallar Statens vegvesen det.

Dei har måtta prioritere hardt mellom vegar dei eigentleg hadde tenkt å bruke millionar av kroner på, ifølgje Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør for drift og vedlikehald i Vest.

Riksveg 13 mellom Kinsarvik og Kyrkjenes er ein av vegane som blir kutta. Vegvesenet manglar 19,9 millionar kroner i oppstartsløyving.

Frp sterkt kritisk

Kuttet fell ikkje i god jord hjå Framstegspartiet.

– Hareide skuldar på fagfolka for at han er gniten. Han prioriterer jernbane, bistand og flyktningar, og nedprioriterer veg, så då blir det jo sånn, seier ein oppgitt Helge André Njåstad, stortingsrepresentant for Frp.

For eit par veker sidan var han og Silje Hjemdal ute med målebandet på riksvegen. På det smalaste er vegen 3,6 meter brei, mindre enn den nye sykkelvegen i Stavanger og Sandnes.

Kø på Riksveg 13

TRONGT: Kø på Riksveg 13

Foto: Arne Bu

– Forhistorisk veg

Kuttet skapar sterke reaksjonar i kommunane som blir råka.

Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug og Eidfjord-ordførar Anders Vatle er uroa for at fastbuande som pendlar på vegen ikkje kan vite om dei kjem seg heim.

Ordførarane fortel om naudetatar som slit med å kome seg fram, og dersom straumen skulle gå, kan det gå fleire timar før hjelp.

– Riksveg 13 er jo ein flaskehals. Om sommaren er det ein barriere for folk som ønskjer å reise i Hardanger, seier Vatle.

Lars Inge Thorset, styreleiar i Ullensvang Reiseliv, trur ikkje det finst nokon verre riksveg.

– Vi veit at det finst betre sykkelveg, seier han.

Thorset seier reiselivet betalar ein høg pris for å vere avhengig av den «forhistoriske» vegen, med kanselleringar, redde bilistar og investorar som trekker seg når dei ser infrastrukturen.

Frustrerte over riksveg 13 i Hardanger.

FRUSTRERTE: Grunneigarar, vegvesen og ordførar i Ullensvang på synfaring PÅ strekninga Kinsarvik-Bu.

Foto: Ullensvang Reiseliv

Hareide skuldar på Vegvesenet og jernbana

Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) forstår frustrasjonen.

– Eg kjenner godt til vegen sjølv og opplevde i sommar kor utsett strekninga var med all turisttrafikken, seier han til NRK.

Hareide skuldar på Statens vegvesen sine prioriteringar, og auka kostnadar for jernbanebygging.

– Mellom anna fordi vi har satsa så mykje på jernbanen og det har vore ein betydeleg kostnadsoverskriding der, har ikkje Statens vegvesen kunne prioritere alle gode prosjekt i dette budsjettet, seier Hareide.

Også skipstunnelen på Stad er ute av samferdselsbudsjettet for neste år, trass i at forventningane var annleis.

– Vi kjem til å ha store prosjekt på veg og bane framover. Når det gjeld skipstunnelen er det berre pengane det står på, seier samferdselsministeren.

Skal forhandle med Frp

No rustar Frps stortingsrepresentantar seg til forhandlingane med regjeringa om statsbudsjettet. Men først må dei vinne fram i sitt eige alternative budsjett.

– Eg vil kjempe internt for riksveg 13. Vi veit ikkje kva regjeringa blir med på, men at vi vil ha eit høgare ambisjonsnivå på veg enn det Knut Arild legg opp til, er det ingen tvil om, seier Njåstad.

Trafikk på riksvei 13

KØ: Trafikken på den smale vegen gjer at det dannar seg lange køar om somrane.

Foto: Manuela Bjotveit