Forsvaret har auka aktiviteten sin både langs kysten og på sokkelen den siste tida. Dei skal også vera meir synlege enn før.
– Gjennom daglege operasjonar følgjer Forsvaret nøye med på all aktivitet i våre nærområde.
Det seier korporal Jonny Karlsen ved Forsvarets operative hovudkvarter.
Han fortel at det er hyppig dialog og informasjonsutveksling mellom Forsvaret, politi, sivile aktørar og allierte.
– Det er for å skapa ei god forståing av situasjonen.
Krig i Europa og sabotasje mot gassrøyrleidningar har ført til at det norske Forsvaret har heva beredskapen.
I slutten av september blei det oppdaga fleire lekkasjar frå gassleidningane Nord Stream 1 og 2 i Østersjøen.
Det var eksplosjonar som var skuld i lekkasjane, men årsaka til eksplosjonane er ukjend.
Det har også blitt observert ukjende dronar i nærleiken av fleire olje- og gassinstallasjonar i Nordsjøen.
– Med bakgrunn i dette har politiet og norske styresmakter auka beredskapen og vakthaldet i norsk olje- og gassverksemd på land og til havs, seier Karlsen.
Ein del av denne beredskapen er at Forsvaret har blitt bedne om støtte til vakthald ved fleire landanlegg.
Nato bidreg
Då NRK var med om bord på kystvaktfartøyet KV «Tor» førre veke, var kommandør Pål Gudbrandsen med. Han er fungerande sjef for Marinen.
Han peikar på at mange aktørar er involverte fordi Nordsjøen er internasjonalt farvatn.
– Det er fordi me er i eit grensesnitt mellom stats- og samfunnstryggleik.
Gudbrandsen fortel at Nato har teke ei veldig aktiv rolle i Nordsjøen. Nato-styrkar assisterer med å patruljera området.
I tillegg har fleire mariner teke kontakt og tilbydt seg å hjelpa til med å halda tryggleiken på sokkelen oppe.
Det er derfor ikkje berre det norske Forsvaret som patruljerer i Nordsjøen.
Ingen konkret trussel
– Totalforsvaret er samfunnet sine samla beredskapsressursar, seier Karlsen.
Han forklarer at det viser til heile breidda frå det militære forsvaret, til sivile styresmakter, næringsliv, organisasjonar og den enkelte innbyggjar.
– Dersom ein alvorleg situasjon oppstår, er sivilsamfunnet og Forsvaret gjensidig avhengige av kvarandre.
Sjølv om bileta av patruljeflyet P3 Orion og KV «Bergen» er spektakulære, understrekar Karlsen at patruljering og vakthald er ein del av det Forsvaret driv med i ein normalsituasjon.
Han peikar på at det per no ikkje er nokon reell trussel mot Noreg, eller nokon konkret trussel mot norske interesser.
– Det er derfor ingen grunn til at me her i Noreg skal vera redde og frykta krig her heime, seier han.