Hopp til innhold
Analyse

Distriktsopprøret har ikkje roa seg: Senterpartiet går mot brakval i vest

Senterpartiet stel veljarar frå alle parti og sørgjer for raudgrønt fleirtal i Vestland, viser ny NRK-måling. Men kor vert det av miljøveljarane, som i større og større grad skulle prega norsk politikk?

Nils T Bjørke, Kjersti Toppe, Trygve Slagsvold Vedum

KAN GLISA: Nils T. Bjørke og Kjersti Toppe ser begge ut til å sikra seg direktemandat frå Hordaland. I Sogn og Fjordane tar Senterpartiet truleg to av tre distriktsmandat, ifølgje ferske meiningsmålingar Norstat har laga for NRK.

Foto: Synnøve Horvei / NRK

Dette er ein analyse med kommentarar frå NRK sin politiske kommentator.

Den sterke posisjonen til Senterpartiet gjer at Vestland er raudgrønt fem månader før valet.

Det viser Norstat sine ferske partimålingar for NRK i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Medan Senterpartiet og Arbeidarpartiet kan komma til å gjera reint bord i Sogn og Fjordane, er det eit knapt borgarleg fleirtal i Hordaland valdistrikt.

Her er fem poeng du bør få med frå den første av fire NRK-målingar i Vestland før valet:

Sjå fleire resultat og mandatfordeling frå målingane lenger nede i artikkelen.

Meningsmåling april 2021 for Sogn og Fjordane

Endring sammenlignet med stortingsvalget 2017
Graf med oppslutning per parti
R: 2.6% (endring: +1.3
SV: 4.7% (endring: +0.2
AP: 20.9% (endring: -3.7
SP: 38.8% (endring: +9.1
MDG: 2.7% (endring: +0.4
KRF: 3.3% (endring: -1.0
V: 1.6% (endring: -2.5
H: 14.5% (endring: -4.1
FRP: 8.6% (endring: -1.3
Andre partier: 2.3%
Utført av Norstat 12.–15. april600 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

1. Senterpartiet er den store vinnaren

Det burde ikkje sjokkera, men Senterpartiet er framleis i medvind.

  • Partiet får 38,8 prosent oppslutnad i Sogn og Fjordane. Det er den største dominansen til noko parti i noko fylke på NRK si store partimåling. Partiet har klar bane mot to av dei tre direktemandata frå det tidlegare annleisfylket.

  • Målinga viser 13,8 prosent oppslutnad i Hordaland. Sidan storbyen Bergen utgjer halvparten av veljarane i valdistriktet, er det imponerande.

Sp stel veljarar frå alle dei andre partia, utanom Raudt. Særleg Høgre, Ap og Frp blør veljarar til Erling Sande og Kjersti Toppe, som frontar partiet i vest.

Fleire faktorar må med om me skal forstå framgangen. For det første har Arbeidarpartiet ikkje knekt koden på korleis mobilisera som eit tydeleg opposisjonsparti. På same tid har fleire av reformene til den borgarlege regjeringa hausta folkeleg motstand.

I Sogn og Fjordane er det særleg fylkessamanslåinga som irriterer mange. Det profitterer Sp på, sjølv om fleire av fylkestoppane til partiet helst skulle sett at partiet ikkje gjekk inn for nokon omkamp.

Partiet har òg i stor grad, på sitt eige vis, vorte det norske svaret på antielitistiske straumar som pregar det politiske landskapet i ei rekkje land. Med Frp lenka til regjeringsprosjektet, har ikkje Senterpartiet hatt særleg konkurranse om desse protestveljarane dei siste åra.

Trass den formidable framgangen sidan førre val, tyder ikkje målinga på at partiet har fått ut heile potensialet. Ein relativt stor del av veljarane som røysta på partiet i 2017 har faktisk plassert seg på gjerdet. Partiet ser ut til å ha vore flinkare på å skaffa seg nye veljarar enn å halda på gamle.

Enkelte målingar i Sogn og Fjordane har vist endå høgare oppslutnad om partiet. Likevel er 38,8 prosent på eit nivå som manglar historisk sidestykke. Sjølv i EU-valet i 1994 var oppslutninga 10 prosentpoeng lågare.

2. Miljøpartiet og miljø- og klimaministeren slit

Det har vorte sagt før stortingsval i fleire tiår: «Denne gongen kjem miljø og klima til å verta ei viktig sak i kampen om veljarane». Men på målingane i Vestland er det ikkje framgang å spora blant dei tydelegaste miljøpartia. Snarare tvert imot.

Ein kan lura på om miljøspørsmålet nok ein gong skal verta ein parentes, når vestlendingane skal velja parti. Nyleg tyda ei meiningsmåling gjort for Bergen kommune på at mange veljarar har vorte meir kritiske til miljøtiltak.

Miljøpartiet dei grøne har framleis til gode å verta representert på Stortinget frå vest. I Hordaland, der partiet har klare ambisjonar om å vinna eit mandat, vert partiet målt til 2,9 prosent. Det er langt unna stortingsplass, og ein tilbakegang samanlikna med førre val.

Kan det vera snakk om maktslitasje for partiet som har sete i byråd i Bergen i snart to år?

Ein annan som òg håpar på å sanka miljøstemmer er klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V). Også nordfjordingen som vann nominasjonskampen i Hordaland er eit godt stykke unna målet om stortingsplass.

I det eigentlege heimfylket til Rotevatn, gjer Alfred Bjørlo det oppsiktsvekkjande dårleg. 1,6 prosent oppslutnad tyder på at heller ikkje Venste er tydeleg prega av Sp-framgangen i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.

Sveinung Rotevatn

MOTVIND: Venstre har ein veg å gå om Sveinung Rotevatn skal ha plass på stortinget, ifølgje NRK si ferske meiningsmåling.

Foto: Tore Linvollen / NRK

Også eit tredje miljøparti, SV, skårar dårlegare enn på andre målingar den siste tida.

At Raudt kaprar eit mandat i målinga i Hordaland, gjer likevel at venstresida samla heldt stand. Men mykje tyder på at det er andre saker enn miljøsaka som får veljarane til å vurdera å gje Sofie Marhaug ein sjanse på Stortinget.

Meningsmåling april 2021 for Hordaland

Endring sammenlignet med stortingsvalget 2017
Graf med oppslutning per parti
R: 4.1% (endring: +2.0
SV: 7.1% (endring: +0.1
AP: 19.1% (endring: -3.7
SP: 13.8% (endring: +6.2
MDG: 2.9% (endring: -0.6
KRF: 6.4% (endring: +0.9
V: 3.7% (endring: -0.7
H: 28.7% (endring: -1.7
FRP: 10.7% (endring: -4.4
Andre partier: 3.5%
Utført av Norstat 12.–15. april600 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

3. Ap tapar terreng, men det gjer Høgre og Frp òg

Så godt som alle tapar til Senterpartiet. Likevel er det tre parti som tapar flest veljarar: Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet.

Den største tilbakegangen har Arbeidarpartiet, som i Hordaland hamnar på under 20 prosent oppslutnad. Det er i ferd med å verta ein vane at Ap gjer historisk dårlege val.

Partiet tapar òg eit av dei fire mandata partiet har ifrå Hordaland i dag, om me skal tru målinga.

Høgre, på si side, ser ut til å mista stortingsplassen i Sogn og Fjordane – det kan i så fall føra til at partiet ikkje lenger vert representert frå alle norske valdistrikt. I Hordaland tapar òg Høgre noko i oppslutnad, men heldt stand når det kjem til talet på representantar.

Frp ser òg ut til å slita, og har nok mista mange potensielle protestveljarane til Senterpartiet.

4. KrF-veljarane er framleis ganske trufaste

For Kristeleg folkeparti og statsråd Dag Inge Ulstein er målinga eit aldri så lite lyspunkt. Mange har spekulert i om det opprivande retningsvalet partiet gjekk gjennom skulle rokka ved eit av dei tydlegaste kjenneteikna til partiet i Hordaland: Særs lojale veljarar.

Partiet gjer i staden eit aldri så lite byks samanlikna med valet i 2017. Og kanskje endå viktigare: Meir enn 8 av 10 av dei som røysta på partiet sist, seier at dei vil gjera det igjen.

Marginane er likevel små. På Bergens Tidende si nylege måling, som vart gjennomført i same tidsrom som denne målinga, hamna Ulstein på feil side av streken. Problemet med veljarane til KrF dei siste åra, er at dei sakte, men sikkert, vert litt og litt færre.

Dermed kan utviklingsmisteren framleis risikera å verta den første toppkandidaten til partiet i Hordaland som ikkje greier å komma inn på Stortinget. Partiet har stilt til val sidan 1933.

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein besøker flyktningleiren Kiryandongo i Uganda.

KAN BERGA PLASSEN: Utviklingsminister Dag Inge Ulstein (t.v.) har fått kritikk for å vera lite synleg. Ifølgje NRK si ferske meiningsmåling er han likevel inne i varmen.

Foto: Gjermund Øystese / UD

5. Mange har ikkje bestemt seg – feilmarginane er store lokalt

Det einaste me kan vera sikre på snaue fem månadar før valdagen, er at ingenting er avgjort.

Om lag ein tredjedel av dei spurde i undersøkingane i Vestland har ikkje bestemt seg for om dei skal røysta. Feilmarginane er store. Ulike målingar sprikar i ulike retningar.

På landsbasis viser målinga at det er raudgrøn side som er nærmast valsigeren. Summen av NRK sine målingar i alle fylket gjev eit meir presist bilde enn me brukar å ha, fordi målinga er så stor.

Den størst usikkerheita er at det framleis er lenge til vallokala stengjer. Ting kan skje.

Medan dei raudgrøne ser ut til å gjera reint bord i Sogn og Fjordane, er det høgst usikkert om det vert borgarleg eller raudgrønt fleirtal i Hordaland. Høgre, Frp og KrF sankar akkurat nok mandat til å verta større enn dei raudgrøne i Hordaland. Men i den tidlegare nemnde målinga frå BT var det dei raudgrøne som ville ha fått flest mandat.

Erna Solberg sitt håp er at avstanden opp til dei raudgrøne var større på same tid for fire år sidan. Greier ho den same opphentinga igjen, kan ho greia å verta attvalt.

Mandatfordeling april 2021 for Hordaland

Endring sammenlignet med nåværende storting
Mandatfordeling per parti
H: 5 mandater, endring 0
AP: 3 mandater, endring -1
SP: 2 mandater, endring +1
FRP: 2 mandater, endring 0
R: 1 mandat, endring +1
SV: 1 mandat, endring 0
KRF: 1 mandat, endring 0
MDG: 0 mandater, endring 0
V: 0 mandater, endring -1
Utført av Norstat 12.–15. april600 svar

Grafikken viser hvor mange mandater hvert parti ligger an til å få valgt inn på Stortinget fra Hordaland. I tillegg vil ett av partiene i Hordaland få tildelt et utjevningsmandat basert på nasjonale stemmetall.

Les mer om NRKs meningsmålinger

Mandatfordeling april 2021 for Sogn og Fjordane

Endring sammenlignet med nåværende storting
Mandatfordeling per parti
SP: 2 mandater, endring +1
AP: 1 mandat, endring 0
R: 0 mandater, endring 0
SV: 0 mandater, endring 0
MDG: 0 mandater, endring 0
KRF: 0 mandater, endring 0
V: 0 mandater, endring 0
H: 0 mandater, endring -1
FRP: 0 mandater, endring 0
Utført av Norstat 12.–15. april600 svar

Grafikken viser hvor mange mandater hvert parti ligger an til å få valgt inn på Stortinget fra Sogn og Fjordane. I tillegg vil ett av partiene i Sogn og Fjordane få tildelt et utjevningsmandat basert på nasjonale stemmetall.

Les mer om NRKs meningsmålinger