No skal den første lokale Dark Room-saka opp

Sunnfjording tilstår å ha lasta ned overgrepsbilete av born.

Dark room

DARK ROOM: Ei omfattande politietterforsking av Vest politidistrikt avdekka eit større nettverk der overgrepsbilete av born vart delte på Internett.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Mannen i 50-åra vart pågripen og varetektsfengsla i fire veker i mai i fjor. Namnet dukka opp under Vest Politidistrikt si opprulling av eit omfattande overgrepsnettverk på Internett.

I alt 84 er sikta i heile Dark Room-komplekset. 37 av desse i Vest politidistrikt, 45 i andre politidistrikt og to i utlandet.

Chatta med Frp-politikar

Saka, som kjem opp som i starten av november kjem opp som tilståingssak i Sogn og Fjordane tingrett, er langt frå av dei største i komplekset. Mannen erkjende allereie før varetektsfengslinga å ha lasta ned i alle fall 12 overgrepsbilete av born på datamaskina si. Han skal ikkje ha laga noko av materialet sjølv.

Mannen nekta for å ha delt bileta med andre, men etterforskinga av mannen førte til pågriping av ein tidlegare Frp-politikarar på Austlandet .

Gjennomgang av chatloggar på skype og internettforum avdekka at sunnfjordingen hadde kontakt med andre som ynskte å få tilsendt «noko ungt».

Ein av tre er dømde

Politiadvokat Sissel Kleiven ynskjer ikkje å kommentere saka.

Etter det NRK kjenner til er tre menn frå Sogn og Fjordane sikta i samband med opprullinga av «Dark Room». I februar vart ein sogning dømd til 120 dagar fengsel ein annan stad i landet.

Politiet etterforskar framleis saka mot ein sunnfjording i 40-åra som vart pågripen og varetektsfengsla i vår .

Barnehagetilsett må i retten

I november er det også venta at saka mot ein tilsett ved ein barnehage i Sunnfjord kjem opp for Sogn og Fjordane tingrett.

Denne saka er av noko større omfang, men er ikkje tilknytt «Dark Room». Saka er venta å gå som tilståingssak.

Politiadvokat Kleiven ynskjer heller ikkje å kommentere denne saka.