Hopp til innhold

Har gått gjennom overgrepsbileta

Men ingenting tyder på at den barnehagetilsette mannen, sikta for å ha overgrepsbilete av born, har produsert bileta sjølv.

Fjordane tingrett 6

SKAL AVHØYRAST: Mannen vert konfrontert etter at alle bileta er gjennomgått.

Foto: Arne Stubhaug / NRk

– Politiet har gått igjennom datamaterialet. På grunn av det må den sikta avhøyrast på nytt.

Det fortel regionlensmann i Sunnfjord, Dag Fiske. For eit par veker sidan vart ein mann i 30-åra pågripen i Sunnfjord, sikta for å ha overgrepsbilete av born.

No fortel Fiske at dei ikkje har funne noko som tydar på at mannen har produsert bileta sjølv.

– Vi har ingen indikasjonar på at det skal vere noko eigenprodusert materiale i saka.

No skal politiet ta opp att avhøyra av den sikta.

– Vi har ikkje hatt nye avhøyr sidan han vart pågripen, men han vil bli konfrontert med dei funna vi har gjort, fortel Fiske.

Dag fiske er ny lensmann i Førde og Naustdal

ALT MATERIALET GJENNOMGÅTT: Fortel Dag Fiske, regionlensmann i Sunnfjord.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sidan mannen jobbar i ein barnehage, vart foreldra og dei tilsette ved den aktuelle barnehagen raskt fortalt om saka.

Fiske fortel at dei kom over den mistenkte etter at Kripos tipsa dei om saka.

– Kripos følgjer med på nettet, og kom såleis over spora som gjorde at sikta vart pågripen. Per dags dato tyder ingenting på at han er medlem av eit større nettverk

– No står att det å ta eit avhøyr av sikta, og i tillegg skal vi ha nokre vitneavhøyr, seier Fiske.