Hopp til innhold

Sogning dømd i Dark Room-saka

Ein mann i førtiåra frå Sogn må sone 120 dagar i fengsel. Han har sett på tusenvis av bilete av seksuelle overgrep mot born.

Dark room

ETTERFORSKA: Operasjon «Dark Room» har avslørt ei rekkje menn som delte seksualisterte bilete og overgrepsbilete av born.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Dette er ein av dei mange sakene som er rulla opp under den såkalla operasjon «Dark Room».

Ei gruppa politietterforskarar ved Vest politidistrikt i Bergen har jobba med saka i nesten eitt år, og eit femtitals personar er sikta (sjå faktaboks).

Mannen budde i Sogn medan lovbrota skjedde, men har no flytta til ein annan stad i landet.

Politiet meiner han «har gjort seg kjend med» minst 2 000 bilete og 15 videoar som syner seksuelle overgrep mot born, eller som seksualiserer born.

Han har lagra omlag 200 bilete på si eiga datamaskin.

Han tilstod alt blankt i retten.

Han har ikkje delt bilete og videoar vidare. Men retten meiner det var straffeskjerpande at han har dreve med dette i minst to år.

Han sat varetektsfengsla i to dagar, og dette blir trekt frå fengselsstraffa på 120 dagar. I tillegg inndreg politiet datamaskina hans.