Hopp til innhold

Forskarar meiner konkurranseutsetjing har gitt dårlegare tilbod

Møreforsking meiner at det meste har blitt dårlegare etter at flytrafikken i Florø vart konkurranseutsett i fjor. Det kjem fram i ein ny rapport.

Widerøe-fly i luften

INGEN SUKSESS: Møreforsking tykkjer ikkje kommersialiseringa av flytrafikken i Florø har vore ein suksess.

Foto: Kyrre Lien / SCANPIX

Det er Florø industri- og næringssamskipnad som har bestilt rapporten frå Møreforsking.

1. april i fjor vart alle flyrutene ved Florø lufthamn konkurranseutsett, noko som betyr at ulike flyselskap får konkurrere om å tilby flyruter. Næringslivet i Florø har lenge mistenkt at endringa har ført til høgare prisar og eit dårlegare tilbod.

– No får vi stadfesta det inntrykket vi har hatt lenge, nemleg at tilbodet har vorte dårlegare av konkurranseutsetjinga, seier høgrepolitikar og leiar i Florø industri- og næringssamskipnad, Bjørn Hollevik.

Les også: Vurderer å flytte hovudkontor på grunn av kommersialisering

Les også: Dyrare flybillettar og færre avgangar i Florø

Tenksam Bjørn Hollevik

KRITIKAR: Bjørn Hollevik i Høgre har lenge vore ein av dei største kritikarane av kommersialiseringa av Florø lufthamn.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Hovudfunna i rapporten er desse:

  • Det har vore ei kraftig prisauke
  • Trafikken i Florø er så låg at det ikkje er grunnlag for fleire aktørar
  • Kommersialiseringa har ført til eit samfunnstap på 7–8 millionar kroner

Djuvik står på sitt

Frank Willy Djuvik frå Frp har vore ein av dei største forsvararane av kommersialiseringa. Han skiftar ikkje meining av den nye rapporten.

– Når forskarar seier at dei ikkje er grunnlag for fleire aktørar ved Florø lufthamn, samstundes som vi veit at eit selskap for tida vurderer å etablere seg, då tenkjer eg at det ikkje er samsvar mellom dei som sit på eit skrivebord og reknar, og dei som er ute i marknaden.

Frank Willy Djuvik

STÅR PÅ SITT: Frank Willy Djuvik har ikkje skifta meining etter at det kom ein ny rapport om lufthamna i Florø.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Djuvik er heller ikkje samd med konklusjonen om at tilbodet har vorte dårlegare.

– Det er fleire som hevdar at prisane er høge i Florø, og at tilbodet er dårleg. Det trur eg dei skal slite med å dokumentere. Prisnivået er om lag likt med Førde.

Les også: Gir seg ikkje i kampen for Florø lufthamn

Tok kontakt med over hundre flyselskap

Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) fortel at Flora kommune har jobba hardt for å forsøke å få flyselskap til å satse på lufthamna i Florø.

Ola Teigen

HAR STÅTT PÅ: Ola Teigen meiner at Flora kommune har jobba hardt for å få på plass ein ny kommersiell aktør ved Florø lufthamn.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi har gjort det som har vore i vår makt. Etter at vedtaket om kommersialisering vart gjort, tok vi kontakt med meir enn hundre flyselskap for å forsøke å få nokon til å satse, seier Teigen.

Kommunen skal ha brukt om lag 400,000 kroner på arbeidet med å få flyselskap til å satse i kystbyen. Etter at danske DAT trakk seg ut, ser arbeidet ut til å ha vore fånyttes.

Vil ha handling

Bjørn Hollevik håpar at rapporten får konsekvensar. Han vil ha tilbake den gamle ordninga. Der var det ein aktør, og det offentlege sikra eit visst rutetilbod.

– Rapporten peiker også på at det ikkje står noko i vegen for å gå tilbake til den gamle ordninga. Eg håpar at samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen tek grep når han ser konklusjonane.