Hopp til innhold

Dyrare flybillettar og færre avgangar i Florø

Widerøe aukar prisane på dei dyraste flybillettane og kuttar i rutetilbodet til og frå Florø lufthamn.

Widerøe-fly i luften

KOMMERSIALISERING FÅR KONSEKVENSAR: Frå 1. april neste år vert Florø lufthamn ein kommersiell flyplass. Same dato kuttar Widerøe avgangar og hevar prisane på dei dyraste billettane til og frå flyplassen.

Foto: Kyrre Lien / SCANPIX

Sidan 2014 har trafikken frå Florø gått ned med 13,9 prosent, i første rekkje på grunn av lågare aktivitet i oljenæringa. Det vil få konsekvensar når Florø frå 1. april vert ein kommersiell flyplass og ikkje driven på anbod som i dag.

Richard Kongsteien, Widerøe

NAUDSYNT: Kommunikasjonsdirektør i Widerøe, Richard Kongsteien, seier endringane kjem som ein konsekvens av nedgang i trafikken.

Foto: Widerøe

– Det har vore ein nedgang i trafikken på Florø luftham og difor er det naudsynt med justeringar. Vi tek vekk avgangar med mindre enn 30 prosent belegg, seier kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien.

Det er maksimalprisen på rutene til Oslo og Bergen Widerøe no ønskjer å auke. Det vert fire avgangar til Oslo måndag til torsdag, tre fredag og søndag, samt ein avgang laurdag. Til Bergen vert det fire daglege avgangar måndag, tysdag, torsdag og fredag, fem avgangar onsdag og éin avgang søndag.

Ordførar i Florø, Ola Teigen, tykkjer det er trist at tilbodet til flypassasjerane i Florø vert dårlegare, men er samstundes ikkje veldig overraska.

– Vi var tidleg ute i Flora Arbeidarparti med å åtvare mot kommersialisering av flyrutene, fordi vi trudde at det kom til å bli færre avgangar og dyrare flybillettar. Eg forstår godt at Widerøe kuttar rutene dei ikkje tener pengar på, seier han.

Med ein nærliggande konkurrent i Bringeland, fryktar han at det som no skjer på sikt vil svekke Florø sin posisjon i regionen.

Ola Teigen

SYND: Ordførar i Flora, Ola Teigen (Ap) tykkjer det er synd at rutetilbodet blir dårlegare, men forstår samstundes at Widerøe må ta grep.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Eg fryktar at det skal gje utslag på trafikken i Florø og i neste omgang på rutetilbodet. For no er det kommersielt og blir det mindre trafikkgrunnlag enn det er i dag, så blir det sjølvsagt òg færre ruter, seier Teigen.

Håpet er at sentrale politikarar i Samferdsledepartementet og i transportkomiteen for Høgre skal følgje opp lovnadane om at tilbodet i Florø ikkje skal bli dårlegare enn det er i dag.

– No har dei ikkje vore veldig konkrete på kva dei meiner med det, men eg håpar dei har håpt å følgje opp det dei har sagt. Så i tida framover vil vi utfordre politikarane i Oslo på kva dei eventuelt vil gjere med eit forringa tilbod frå Florø, seier Teigen.